Den kostbare alderdommen

17.06.2022

Dei som er født på 90-talet må rekne med å jobbe til dei er minst 70 år for å oppnå full pensjon. Pensjonsutvalet har lagt fram sin rapport. Den inneber også at den nedre aldersgrensa for å ta ut pensjon blir heva frå 62 til 65 år.

Ein egoistisk tanke kjem snikande: Eg er glad eg er pensjonist. Vi som no har vorte pensjonistar, har hatt det privilegiet å kunne gå ut av arbeidslivet frå 62 år og oppover. For eigen del slutta eg å jobbe fordi eg var sliten, både fysisk og mentalt, i ein alder av 64. Eg er heilt sikkert ikkje den einaste som har gjort det same.

Handtering av pensjonskostnadar har i lang tid vore ei nøtt for politikarane. Årsaka er, paradoksalt nok, at velferd og medisinske framsteg gir ein stadig aukande levealder. I 2020 var forventa levealder for norske menn 81,5 år og for kvinner 84,9 år. Til samanlikning var tilsvarande tal i 1950 71 og 75 år.

Det verkar så langt som at forslaget frå pensjonsutvalet kjem til å hauste brei politisk oppslutning. Ein kan dermed slå fast at utvalet, som er leia av konsernsjef i Schibsted, Kristin Skogen Lund, har hatt godt teft for kor manøvreringsrommet i dette krevjande farvatnet ligg.

I og med at levealderen aukar, er det tilsynelatande logisk at vi må stå lenger i jobb før vi blir pensjonistar. I teorien skal dei gode pensjoniståra bli like mange som før. Men blir det slik i praksis? Eg er redd at for mange sitt vedkomande vil svaret bli nei. Pensjonsutvalet føreset at folk som i dag har hatt år med god helse og livskvalitet i t.d. perioden 80-82 år, i framtida skal vere like spreke i tidsrommet 83-85 år. Det er ei usikker prognose.

Kva så med slitarane? I dag kan vi pensjonere oss fordi kroppen har fått nok, utan at vi dermed er sjuke. Dei som i framtida ser seg nøydde til å hoppe av yrkeslivet før dei er 70 år, kan ikkje rekne med å bli fanga opp av trygdesystemet.

- Da har vi andre ordningar. Vi har dagpengar og ulike helserelaterte ordningar som uføretrygd. Ein kjem ikke utenom at da må ein ty til andre ordningar enn pensjonssystemet. Det er veldig vanskelig å lage et einheitleg pensjonssystem som fangar opp så mange ulike behov, som ikke let seg gruppere, seier Kristin Skogen Lund i eit intervju med NRK.

Eg synes dette liknar på ei uverdig løysing. Men det er vel slik at pengane og den heilage budsjettbalansen trumfar alt?

«I teorien skal dei gode pensjoniståra bli like mange som før. Men blir det slik i praksis?»