Den kvelden Norge var best i verda

09.09.2021

Det er heilt utruleg. Men 40 år har altså gått sidan VM-kvalikkampen da Norge slo England 2-1 på Ullevaal. Vi hugsar den historisk seieren. Og ingen som høyrde på gløymer korleis Bjørge Lillelien gjekk fullstendig amok bak mikrofonen da dommaren bles av kampen.

Fotballinteresserte sluttar aldri å snakke om kampen 9. september 1981. England gjekk programmessig opp i leiinga etter 14 minutt. Men på slutten av førsteomgangen skjedde mirakelet: Etter 34 minutt utlikna Roger Albertsen for Norge, og minuttet før pause sørga Hallvar Thoresen for 2-1. Fleire mål vart det ikkje i kampen. Andre omgang vart ei nervepåkjenning utan like for oss som såg på.

Så var det Lillelien. Da dommaren bles i fløyta for siste gong, lira han av seg ein tirade som har fått evig liv ikkje berre i Norge, men også i utlandet. Nyttårskvelden 1981 toppa Lillelien si avslutning av landskampen sportskavalkaden på BBC, og den vart mange år seinare kåra til den beste sportskommentaren gjennom tidene.

Bjørge Lillelien sette punktum for overføringa frå Ullevaal på denne måten:

«Der blåser han! Der blåser han! Norge har slått England 2-1 i fotball! Vi er best i verden! Vi er best i verden! Vi har slått England 2-1 i fotball! Det er aldeles utrolig! Vi har slått England! England, kjempers fødeland - Lord Nelson, Lord Beaverbrook, Sir Winston Churchill, Sir Anthony Eden, Clement Attlee, Henry Cooper, Lady Diana, vi har slått dem alle sammen, vi har slått dem alle sammen. Maggie Thatcher, can you hear me? Maggie Thatcher, jeg har et budskap til deg midt under valgkampen, jeg har et budskap til deg: Vi har slått England ut av verdensmesterskapet i fotball. Maggie Thatcher, som de sier på ditt språk i boksebarene rundt Madison Square Garden i New York: -Your boys took a hell of a beating! Your boys took a hell of a beating! Maggie Thatcher: Norge har slått England i fotball! Vi er best i verden! It's Norway two. England one. What a fabulous night for football! Vær så god, studio!»

Heilt fenomenalt, etter mi meining. Ordkunstnaren Bjørge Lillelien hadde den kunnskapen og formuleringsevna som skulle til for å sette saman dette verbale kunstverket på sparket. Verken før eller sidan har vi hatt ein slik sportskommentator.