Ein gong i tida kosta ei LP-plate like mykje som seks middagar

22.12.2020

Å vere musikkinteressert ungdom for 50 år sidan var spennande, men også tungvint og dyrt. Spennande fordi det dukka opp så mange band og artistar som gjekk nye vegar. Tungvint og dyrt fordi musikken var lite tilgjengeleg og ei LP-plate kosta ei formue.

Tidleg på 70-talet var prisen på ei LP-plate rundt 40 kroner. Det tilsvara seks middagar i kafeteriaen på Tingvoll gymnas. Innkjøp av ei ny plate var derfor ei investering som kravde lange og nøye vurderingar. Ein hadde ikkje råd til å bomme, da neste kjøp nødvendigvis måtte ligge fleire månader fram i tid.

Førti 1970-kroner er 350 kroner omrekna i dagens pengeverdi. Sjølv for notidas ungdommar, som har mykje meir pengar mellom hendene enn det vi hadde, vil eg tru at 350 kroner er ein høg pris for å skaffe seg tilgang til ein stor halvtime med musikk.

For i dag kostar jo musikken lite eller ingenting. Hundrevis av radiokanalar sender musikk døgnet rundt, og på digitale plattformar som Spotify er abonnementet gratis om du orkar å ta med litt reklame på kjøpet.

Framskritta, i alle fall teknologisk, er formidable. Men noko har også gått tapt. No er musikk forbruksvare og bakgrunnsstøy. Den eksklusiviteten som ein gong låg i eit nyutgjeve album er borte. Det same er gleda som eit vellykka LP-kjøp utløyste.

Når ei ny plate kom til gards var det lytting med andakt. Dei ofte forseggjorte omslaga vart finstuderte og lest frå A til Å. Vi saug til oss informasjonen, og vart det eg utan å skryte vil kalle kunnskapsrike. Det meste sit spikra i hjernebarken den dag i dag. Da har det gjennom åra gått verre med diverse anna, og langt viktigare, kunnskap.

På 1970-talet hadde enno dei fleste radio- og TV-butikkane ei avdeling med plater. I Surnadal kunne dessutan samvirkelaget på Skei tilby det vi opplevde som et godt utval. Det var ikkje få timar eg og eldste broren min stod og bladde i desse platene, som var plasserte like ved inngangen. Kjøp var som regel ikkje aktuelt. Men berre det å sjå, lese og kjenne på var stor stas. Og så, kanskje ein dag...

Eit av klenodia frå reolen på samvirkelaget, som framleis står i hylla mi, er «Machine Head» med Deep Purple. Den vart innkjøpt ein vårdag i 1972. Plata spelar framleis som ny. For det var ikkje berre lyttinga som skjedde med andakt. Platene måtte også behandlast med den største forsiktigheit. Det er ein vane eg har halde fast ved. Dermed kan eg ta fram femti år gamle plater og spele dei utan irriterande hakk og knitring.

Det er ikkje slik at alt var betre før. Verda endrar seg. Men det gjer aldri gleda ved å lytte til nyinnkjøpt musikk - i fysisk format!