Den mest pålitelege vermeldinga

22.01.2021

Verspåmennene og -kvinnene i TV-ruta får ha meg unnskyldt. Den mest pålitelige vermeldinga eg veit om, er jazz/fusion-bandet Weather Report.

Weather Report vart grunnlagt av den østerriksk-fødte tangentmannen Joe Zawinul i 1970. Zawinul, saman med saksofonisten Wayne Shorter, heldt saman gjennom heile gruppa si levetid fram til 1986. Elles var utskiftingane store og hyppige på dei andre plassane. Den eine stjernemusikaren vart avløyst av ei ny.

Ein av desse står i ein heilt spesielt lys. Bassmirakelet Jaco Pastorius vart medlem av Weather Report av i 1976, og la med med sitt eigenarta basspel ein ny dimensjon til musikken.

Pastorius slutta i gruppa i 1982, og i 1987 sa han takk for seg - for godt. Bassisten sleit med psykiske problem og rusmisbruk i stor skala, og enda livet sitt på tragisk vis. Men dei musikalske spora han etterlet seg gjennom sitt 36-årige liv, vil aldri bli viska ut. Namnet hans står i jazzhistoria med gullskrift.

Weather Report ga ut 16 album. Det er mange godbitar å velje i. Skulle nokon ha lyst til å prøve seg i fram i dette musikalske landskapet, er ikkje Black Weather frå 1976 ein dum plass å starte på.

Etter at Weather Report vart oppløyst, starta Joe Zawinul i 1988 The Zawinul Syndicate, som eg var så heldig å få oppleve live på jazzfestivalen i Molde i 1989.

Joe Zawinul døydde i 2007, 75 år gammal. Wayne Shorter, som er fødd i 1933, lever framleis.