Den som ser sitt vardøger...

06.01.2021

Mange minne dukkar opp når ein blar i ein gammal platebunke. Her ein dag kom eg over plata «Spelemannen» med den norske gruppa Eddy Zoltan.

Gruppa eksisterte på 70-talet, og bestod av musikarar frå Gjøvik, Rjukan, Fyresdal og Budapest. Tangentmann og frontfigur Eddy Zoltan Kiss kom frå Ungarn, og var altså den som ga gruppa namn.

Eddy Zoltan ga ut berre eitt album, «Spelemannen», som kom i 1974. Eg har alltid likt denne plata, som står seg godt den dag i dag. Faktisk noko av det betre på norsk frå denne tida, vil eg meine. På grunn av kombinasjonen orgel og pianio kan musikken til tider minne mykje om Procol Harum. Innslaga av fløyte gjev assosiasjonar til Jethro Tull.

Talent Musikk beskriv musikken slik: Et unikt stykke bygde-prog med tekster som handler om slike ting som gutten som gjorde dama gravid og flyktet til byen, og spelemannen som mista kjæresten fordi han møtte dårlige venner og havnet på fylla, samt en passe dose miljøvern.

Gruppa song på nynorsk. Ein av dei mest kjente melodiane til Eddy Zoltan, Vardøger, startar slik:
«Den som ser sitt vardøger
er ikkje utan like.
Han må som mange andre
reise inn i daudens rike»

Ikkje mykje I love you, der altså.

I 1978 spela Eddy Zoltan på hotellet i Surnadal. Eg hugsar kvelden godt, da dette skjedde berre eit par dagar etter at eg vart pappa for første gong!

«Spelemannen» vart relansert på CD av Tylden & Co. i 2001.

Du kan lytte til lydkutt frå «Spelemannen» her.