Dessverre, no er det nok

20.08.2022

Etter partileiardebatten i Arendal denne veka la eg ut følgande melding på mi Facebook-side: «Kjenner på at det blir lenge til eg orkar ei ny forestilling med sirkus Solvang. Sjølvbildet til direktøren er større enn nokon gong».

For ein del år sidan dukka Fredrik Solvang opp som ein svært lovande programleiar i Dagsnytt 18. Seinare gjekk han over til fjernsynet, der han dei siste åra m.a. har leia Debatten. Solvang er ein kunnskapsrik og på alle måtar kompetent journalist, som eg lenge hadde tru på. Men dessverre har også han gått i den same fella som så mange andre mediakjendisar: Dei gjer seg sjølve større enn programmet dei er sett til å leie.

NRK-legenda Oddgeir Bruaset åtvara for lenge sidan mot utviklinga. I eit avskjedsintervju med NRK kom han med denne beskjeden: Programleiarar skal stille vettuge spørsmål, informere og prøve å avdekke det folk prøver å skjule, og ikkje behandle dei som er med i programmet som statistar.

Partileiardebatten frå Arendal var eit dundrande brot på dette grunnleggande journalistiske prinsippet. Vi såg ein konstant skravlande programleiar, som uhemma kosa seg i rampelyset, som lo av eigne forsøk på humor og som avbraut debattdeltakarane i eitt sett. Debatten var i det heile eit flaut forsøk på å lage show av sjølv dei mest alvorlege problemstillingar.

Ein skal behandle dei medverkande med respekt og la dei sleppe til, var også ein bodskap frå Oddgeir Bruaset. Når Fredrik Solvang opnar debatten med ei banal handsopprekking om det var ein tabbe eller ikkje å bygge dei to siste straumkablane til utlandet, er eg i tvil om akkurat det er å vise politikarane respekt. I den tabloide journalistikken er det meste i svart eller kvitt. Alt er så enkelt. Seriøse politikarar med stort ansvar må derimot ha eit langt meir nyansert syn både på dei enkelte sakane og verda for øvrig. Ikkje eit einaste menneske blir klokare av få servert slikt journalistisk tullball.

NRK har både rett og plikt til å fornye seg. Men i stadig fleire samanhengar, både på TV og i radio, ser vi at statskanalen i jakta på eit ungt publikum og format som skal konkurrere med kommerskanalane, kjem i skade for å helle ut barnet med badevatnet. Ingen vil tilbake tida da NRK dreiv folkeopplysning på ein så dørgande kjedeleg måte, at berre monopolet og mangelen på noko betre hindra svarte skjermar og tause radioar landet over. Men det hjelper lite å kome seg opp av den eine veggrøfta, dersom ein etterpå berre hamnar i den andre.

Dessverre, Fredrik, du har mista ein sjåar. I alle fall inntil vidare. Men eg veit du kan. Derfor skal eg ta ein tur innom Debatten om ein månad eller to for å sjekke om det er håp.

Les også: Når PR-kåte programleiarar står i vegen