«Det er med kopplam som med rare farkåte ungar»

14.03.2022

Forretningsmannen og søyådalsentusiasten Aage Grimsmo kunne også å handtere pennen. I Tidens Krav for 10. juni 1964 fann eg eit lesarbrev med tittelen «Kopp-lam», der underskrivaren er Aage Grimsmo. Det er ei fornøyeleg søndagsbetraktning. Ein mann som var vand til å tenke stort, fann også glede i å lage ein poengtert epistel om noko så ubetydeleg som nokre kopplam.

Kopp-lam

Kopplamma har alltid vore til forargelse for alt folk. Dei går ikring husa og gjer oby på alle vis. Idag er det søndag og eg kom opp god og utkvilt kl. 7. Da eg hadde koka meg kaffe og lagt meg på ei kakskive med gammelost på var det eit mannskor frå Kristiansund som sang i radioen «Kjærlighet fra Gud» sers vakkert. Da tenkte eg at no tar eg med meg søndagen inn i Søyådalen og plantar dei 150 granene som står jordslått derinne sidan sist eg var der på planting saman med lærar Bævre og skuleklassen hans og han Venås.

Da kom eg til å tenke på kor eg drogst med kopplammå hans Ingebregt-bror den gongen. Eg hadde to store kasserollar med kokande pølse på omnen som skulle være åt dei 25 plantarane eg hadde oppe i lia. Kopplamma kom innatt etterkvart som eg kasta dem ut. Skulle eg ha att døra vart det steikande varmt inne i den vesle koken.

Sistpå vart eg sint, tok eit lam i kvar hand etter ulla, bar dem borti skottet og stengte dem inn. Eg skal seia deg det vart eit jammer og ei brekting.

I dag kl ½ 8 da «Kjærlighet fra Gud» var sungen kom eg til å tenke på at det tok seg dårleg ut for ein tesegkommin kar å gå og plante gran på søndags formiddag. Derfor kjørte eg om Øyskogen og spurte ho Aslaug om eg skulle kjøre inn i Søyådalen med mjølk til lamma? Ja kjere Aage vil du gjera det, sa ho. Eg fekk med to halvflasker med smokke på og drog til Søyådalen.

Da eg kom til hytta mi ved Høgfossen hadde eg ennu ikkje sett nokor kopplam. Eg tenkte dei kommer nok når dei får sjå det ryk tu rørn. Eg tente difor opp i omnen og gjekk i gang med plantinga. Då eg hadde arbeid ein times tid fekk eg hør at det brekta nedme hytta mi. Eg fortsette plantinga, men det var ikkje lenge før eg hadde lamma opmed meg og da måtte eg vere med nedi hytta og finne fram mjølkeflaskene. Men no har lamma vorte så store at dei knapt ville ha mjølka, dei har vorte så vant med med det gode graset og det gode vatnet i Søyådalen at dei klarar seg utan mjølk.

Ja det er med kopplam som med rare farkåte ungar ein blir glad i dei dei like vel om ein ofte ønsker dei hadde vore i supån, for lenge sidan.