Det første møtet med den store pianisten

04.01.2021

Det er så rart med det. Den første plata du høyrer av ein utøvar som du lærer å sette pris på, blir ofte hengande ved deg for alltid. Personleg kan eg ramse opp ei lang rekke med slike eksempel.

Ei av platene i rekka er «Facing You» med pianisten Keith Jarrett. Eg kjøpte LP'en eitt år eller to etter at den kom ut i 1972. Den direkte årsaka til handelen var at Johs. Bergh (eller kanskje var det Erling Wicklund) ein sein nattetime spelte komposisjonen «In Front» på radioen. Ja, for på den tida måtte den som ville høyre jazz vere oppe lenge. Slik utskeiingar dreiv ikkje folkeopplysaren NRK med på dagtid eller tidleg kveld.

Keith Jarrett, som er fødd i 1945, vil gå inn i historia som ein av jazzen sine mest betydelege pianistar. Han har gitt ut plater sidan 60-tallet, og heldt det gåande langt inn i dette årtusenet. Ei liveplate med opptak frå ein konsert i Budapest i 2016 kom ut i år. No er han, etter det eg forstår, svekka av to slag og ute av stand til å spele.

Produksjonen er variert. Den usedvanleg rikhaldige katalogen inneheld alt frå standardplater til nyskapande og, ut frå si tid, grensesprengande jazz. I 1974 spela Jarrett in den berømte plata «Belonging» saman med Jan Garbarek (saksofon), Jon Christensen (trommer) og svenske Palle Danielsson (bass). Plata er eit fantastisk stykke musikk. At kvartetten bestod av to nordmenn, fortel mykje om kva for ein status norsk jazz klarte å opparbeide seg internasjonalt på 70-talet.

Keith Jarrett gjesta jazzfestivalen i Molde i 1966, 1972, 1973 og 1986. I 1986 var jeg sjølv til stades i Idrettens Hus, og fekk høre meisteren framføre standardkomposisjonar sammen med Gary Peacock, bass, og Jack DeJohnette, trommer

Eit artig konsertminne å sjå tilbake på, og ikkje minst no når karrieren til Keith Jarrett ser ut til å vere over. Men musikken lever. Og «Facing You» står støtt på plassen i platehylla mi. Slik den har gjort i meir enn 45 år.