Det skal koste litt...

30.03.2021

Bildet viser transport av utstyr til Tæla i 1975. Vi ser Odd og Berit Ormset, saman med ein gjest (lengst t.h.) som eg ikkje har namnet på. Følget ser ut til å vere komne fram til Haukarstokken. På denne tida var det ikkje bru over elva på Hyldbakkan, slik at turen var betrakteleg lengre og tyngre enn i dag. Det var vanleg å seie at når ein kom fram til Haukarstokken var turen halvgått i tid, men ikkje i distanse.

For oss som held til på Tæla no, var det eit stort framsteg da gangbrua kom. Seinare gjorde vegen til Nordviksetra det lettvint å kjøre scooter opp til hytta. Børene og turane har derfor vorte lettare enn før. Men alt slitet er ikkje borte. Og det er greit. Det skal koste litt å kome seg opp på Tæla. Det er ein del av hytteluksusen.

Berit og Odd Ormset tok over «Tælastuå» etter Ane og Peder Kvendbø, som starta bygginga tidleg på 50-talet. Ane var tante til Berit. Vi som i dag er eigarar av dette paradiset, har mykje å takke dei tidlegare eigarane for. Alle fire er no borte. Ikkje minst sender vi ofte varme tankar til bygningsmannen Peder, som for 70 år sidan satsa så stort og bygde ei hytte på heile førti kvadratmeter på stølen. Det var i ei tid da hytter på 12-15 kvadrat framleis var normalen i dette området.