Det snør – og det er heilt normalt

30.03.2022

Vinteren gjer eit aldri så lite comeback. Det er heilt normalt på denne tida av året.

Det heiter seg at mars er den første vårmånaden. I praksis er han den siste vintermånaden. Slik har det vore så lenge eg kan hugse. April er også ein upåliteleg gjest. «I den blir somren til», skriv Bjørnstjerne Bjørnson i diktet «Valg». Det har diktarhøvingen rett i. Men ein periode eller to med snø i april er heller ikkje uvanleg. Berre for å ha nemnt det.

Vi i Robinsonmarka 26 ser fram til å starte hyttesesongen. Etter ein litt abakle mars, m.a. med besøk av koronaviruset, gler vi oss til vårskiturar til Tæla utover april. Og for min del - Mette er nok litt meir defensiv akkurat der: Gjerne også i mai.

Ingenting er som å pakke skiene i bilen og dra til fjells på ein fin maidag, medan alle rundt deg står med rauva mot sola og grev i jorda. Verkeleg eit glimt av lykke og fridom.

Men i dag er det altså 30. mars. Det snør. For meg er det heilt greit. Og det er slett ikkje unormalt.