Det var Smørbukk som fann opp v-stilen

14.04.2021

På 55. årsdagen til Jan Boklöv 14. april 2021 kan det vere på sin plass å kome med ei skihistorisk korrigering: Det var ikkje han, men Smørbukk, som fann opp v-stilen. Beviset finst på framsida av juleheftet for 1975, der vi ser Smørbukk i eit luftig svev med utprega v-stil.

V-stilen var svært omdiskutert i starten, og som vanleg var Norge imot den nye måten å hoppe på. Eg var også skeptisk, men har gått over til å meine at skihopping aldri har vore flottare å sjå på enn i dag.

Ja, kanskje går det også an å seie at v-stilen redda det estetiske i hoppinga. For ser vi på gamle opptak, vil vi oppdage at den klassiske stilen med kroppen liggande over dei samla skiene forsvann på 80-talet. Da begynte hopparane, med Matti Nykänen og østerrikarane i spissen, å legge skiene på skrå i høve til fartsretninga gjennom svevet, slik at dei saman med kroppen, som peika rett fram, danna ein slags v. Målet var å skape ei større bæreflate. Hengande ski og krokete kne var også vanleg på denne tida. Det var ikkje pent! Eit eksempel på kva eg meiner, finn du i opptaket som eg har lenka til under artikkelen.

Vi gratulerer foregangsmannen Jan Boklöv med dagen. Sjølv om Smørbukk var først ute, vil svensken i historiebøkene for alltid stå som mannen som revolusjonerte den moderne hoppsporten.

Lenke: Andreas Felder i Kulm 1986.