Politisk ukorrekt underhaldning er mentalhygiene

13.02.2021

I ei tid der det meste handlar om pandemien, gjer det godt å slappe av med litt lettbeint underhaldning. For min del er eg så lei av dette viruset no, at eg konsekvent slår over på ein annan kanal hvis «Debatten» handlar om pandemi, vaksinering eller smitteverntiltak. Dei som styrer landet gjer sitt beste, medan dei politiske verhanane spring to steg bak med etterpåklokskapen sin. Vi veit det på førehand. Nok er nok.

Det er sikkert politisk ukorrekt å sjå på Farmen kjendis. Men her i huset gjer vi det likevel. Nokre timar for veka i selskap med gjengen på Lundereid gard skapar god stemning i heimen. Farmen kjendis er mentalhygiene.

Min store favoritt i år er Øde. Eg trur ikkje han vinn til slutt, men håpar at han blir med heilt inn i finaleveka. Programmet blir ikkje det same utan denne underfundige og skarpsindige kunstnarsjela.

Øde Nerdrum bryr seg ikkje om kva andre meiner om det han seier og gjer. Han går sine eigne vegar, og viser oss at det å vere seg sjølv og stå for noko er ein leveregel som held seg - til og med i den absurde verda som Farmen kjendis jo er.

Eg heiar på Øde og politisk ukorrekt underhaldning.