Devaulering av meiningsjournalistikken

31.03.2022

Ærverdige Bergens Tidende bryt ein 154 år lang tradisjon og sluttar med daglege leiarartiklar. Heretter skal avisa skrive leiarar kun når dei har noko viktig å melde. Kva no det måtte bety.

Dette er eit trist signal. Digitalisering og endra lesarvanar krev nye grep. Det er greit. Men at ei av Norges viktigaste regionaviser på denne måten med opne augo vil devaulere meiningsjournalistikken, eit av dei redaktørstyrte mediene sitt særmerke, var meir enn eg hadde trudd.

Redaktøren i Bergens Tidende vil ikkje seie noko om kor ofte leiaren heretter kjem til å dukke opp. Vekeavisa Morgenbladet kutta ut faste leiarar i 2020. Ifølge Klassekampen har avisa i løpet av dei to siste åra publisert elleve leiarartiklar. Hundre aviser har vore utan.

Slik kjem det nok også til å gå i Vestlandet si største avis. Enten er ein rutine fast, eller så forsvinn den etter kvart heilt. Slik det er på dei fleste område i livet.

Med rundt fem tusen leiar- og kommentarartiklar på samvitet gjennom åra mine i avis, er eg kanskje ikkje den mest objektive til å uttale meg i denne samanhengen. Eg tillet meg likevel å meine at meiningsstoffet er viktig. Sluttar avisene å ta stilling til store og små spørsmål i den lokale, regionale og nasjonale debatten, sviktar dei samfunnsoppdraget sitt. Vi får aviser som er fattigare.

Ut frå folketalet har Norge svært mange aviser. For ein del av desse har det meiningsberande stoffet vore eit viktig fundament. Eg var så heldig å få kjenne eit av forbilda mine, redaktørlegenda Andreas Hagen i Østlendingen. Da Hagen døydde i 2011, uttala tidlegare Sp-leiar Johan J. Jakobsen: «En klar og tydelig samfunnsstemme som både begeistret og provoserte. Det var umulig å stille seg likegyldig til Andreas Hagens meninger. Østlendingen og Andreas Hagen hørte sammen. Både avisa og redaktøren ble lest og lyttet til i hele det politiske miljøet».

Norsk avishistorie har fleire slike. Eg kan nemne tidlegare redaktør i Nordlys, Ivan Kristoffersen, som på vegne av ein heil landsdel tala Oslo-makta midt imot. Eg beundrar den jobben som Kåre Valebrokk gjorde i Dagens Næringsliv. Han var ein dyktig strateg, noko han viste som seinare TV2-sjef, men hadde i tillegg ein glitrande og uredd penn. Redaktør Harald Kjølås framstod som ein synleg meningsberar i Sunnmørposten. Kjølås var ein kompromisslaus talsmann for sunnmørske interesser, og gjorde Sunnmørsposten til ei viktig stemme i det politiske ordskiftet i Møre og Romsdal.

Lat meg også trekke fram min mangeårige konkurrent Einar Sæter i avisa Driva. Han var ein redaktør med sterke meiningar, som ga avisa ein tydeleg maktkritisk profil. Dette var utan tvil ein viktig suksessfaktor for Driva dei første åra.

Dei eg her har nemnt tok ein posisjon i samfunnsdebatten, og representerer saman med ei lang rekke andre redaktørar ein verdifull arv. Det er langt mellom slike høvdingar i dag. Og faren er nok stor for at denne typen redaktørar i framtida vil dukke opp enda sjeldnare.

Eg kjenner godt til behovet for omstilling i avisene. Men å gå laus på meingsstoffet er ikkje berre å svikte samfunnsoppdraget. Det vil også bidra til å fjerne dei enkelte avisene sin identitet, og slik skape ein avisflora som blir prega av uniformering og mangel på mangfald.

Harald Stanghelle, kjent redaktør og kommentator, kallar leiarartikkelen «avisene sitt visittkort til samfunnet». I Bergens Tidende har visittkortet ikkje lenger den same verdien som før. Kor lenge går det før den neste av dei store dagsavisene følger i BT sine fotspor?