Keffer dialekter ikkje høyrer heime i Dagsrevyen

16.05.2021

NRK opnar opp for nyheiter på dialekt. Det starta allereie i 2009, da Dagsrevy-anker Ingerid Stenvold fekk unntak frå språkreglementet. Stenvold er frå Målselv. No skal Eline Buvarp Aardal servere nyheiter på trøndersk og i USA tiltrer ein korrespondent som får lov til å seie kessen, kesst og keffer. Korrespondenten heiter Lars Os. Han er østerdøl.

Dialekter høyrer ikkje heime i riksdekkande nyheitssendingar. Med å tillate dialekter, undergrev NRK for det første si viktige oppgåve med å drive vern og forvaltning av dei to likestilte språkformene bokmål og nynorsk - sjølve berebjelken i den norske skriftkulturen. For det andre gjer NRK på denne måten dialektene ei stor bjørneteneste. Når Lars Os no skal fortelje oss kesst det går i Det kvite hus i beste dagsrevytid, gir det god gjødsling til allereie eksisterande fordommar og negative haldningar knytta til dialektene.

Den nye språkpolitikken til NRK blir heller ikkje møtt med udelt begeistring i Noregs Mållag. - I nyheitssendingane bør hovudregelen vere normert tale. Eg er mildt skeptisk til nyheiter på dialekt, seier mållagsleiar Peder Lofnes Hauge til Aftenposten. Han legg til: - NRK har eit særleg språkpolitisk ansvar, både når det gjeld nynorsk skrift og normert tale. Men det er veldig positivt at dei slepp til dialekter i NRK Super og andre program. Der har NRK vore flinke.

Det er eg samd med Lofnes Hauge i. Det er viktig at NRK brukar si rolle som allmennkringkastar til å synleggjere det store språklege mangfoldet vi har i dette landet. Men nyheitssendingane skal ikkje vere arena for slikt. Nyheiter handlar om effektiv og forståeleg kommunikasjon. Det er ein grunn til at nyheitsopplesarar kler seg nøytralt. Eit litt for fargerikt slips er nok til at folk blir distraherte. Eksotiske dialektinnslag vil verke på same måte.

Ingvild Bryn er for tida den einaste som snakkar normert nynorsk i Dagsrevyen. Ho meiner at nyheitsopplesarar ikkje skal bruke dialekta si til å helse heim. - Eg er ikkje i Dagsrevyen som privatperson, men på jobb og derfor står eg ikkje i studio i joggebukse. Å helse på mine kjære sambygdingar kan eg gjere i sommarferien, seier ho til Aftenposten.

Godt oppsummert, meiner eg.

Så må det som eit lite PS leggast til: Også Lars Os vil normere litt. På lufta kjem han ikkje til å bruke orda pluttu, hukku og tjåkkå.

Det er nesten så eg ikkje skjønar keffer, når det allereie er så gale som det er.