Eg skal sjå fotball-VM - og skjemmest ikkje over det

09.11.2022

Som tiåring sat eg klistra til TV-skjermen og såg kampane frå fotball-VM i England i 1966. Sidan har eg fått med meg alle VM.

No er eg klar for mitt femtande verdsmeisterskap. For første gong har eg tid til å sjå alt eg ønsker. Verken skule eller jobb står i vegen. Eg er fri mann.

Men så har altså desse boikottgreiene dukka opp. Sterke røyster tek til orde for at vi må vende ryggen til heile meisterskapet, og ikkje sjå på VM-sendingane. Andre igjen meiner at dette er ei form for demonstrasjon utan meining.

Kva gjer ein? Eg har landa på å slutte meg til den siste gruppa, og kjem til å sjå på fotball-VM. Dei som køyrer full boikott har min fulle respekt. Men eg kjenner meg likevel ikkje som noko dårleg menneske. Eg skjemmest ikkje. Fordi: Ein einsleg svart TV-skjerm her ute på svaberga kan aldri bli noko anna enn ei kraftlaus symbolhandling.

Så veit eg sjølvsagt at symbolske aksjonar også har effekt, berre mange nok stiller seg bak. Om alle nordmenn let vere å sjå på fotball-VM, ville det ha vorte lagt merke til. Men slik blir det ikkje. Derfor orkar eg ikkje å gå i ein heil månad å vere prinsipiell, til inga nytte.

Symbolpolitikk hjelper lite i kampen mot korrupsjon og maktmisbruk i idrettsverda. Det må heilt anna lut til. Som enkeltmenneske kan vi utrette mykje meir ved å teikne medlemsskap i ein organisasjon som Amnesty. Eller vi kan engasjere oss, slik at grasrota i idretten verkeleg får styrke til å bekjempe det svineriet som foregår på toppen. VM i Qatar er ei tapt sak. Kampen handlar om å hindre at framtidas meisterskap hamnar i hendene på arrangørar av same sort.

Eg veit ikkje om dei som no skal boikotte fotball-VM ved å bruke av-knappen på TV-apparatet, såg på OL-sendingane frå Sotsji og Beijing. Om nokon gjorde det, driv dei med dobbeltmoral. Qatar er ein suspekt stat, som aldri skulle ha vorte tildelt fotball-VM. Det er greit. Men så veldig prektige er ikkje diktatorane i Russland og Kina heller. OL i Sotsji og Beijing var i realiteten storstilte propagandashow for to av verdas mest brutale regime.

Eg gler meg til å sjå god fotball i vekene fram mot jul. Samtidig håpar eg at ikkje minst mediene nyttar VM til å sette flomlys på menneskerettsbrota i Qatar. Under dette meisterskapet er den jobben faktisk enda viktigare enn formidlinga av dei sportslege hendingane.

Fakta om Qatar:

  • Qatar ligg på Den arabiske halvøya. Staten er eit emirat med eit innbyggartal på litt over 2,4 millionar. Rundt 80 prosent av befolkninga er utanlandske arbeidarar.
  • Arealet er på 11.437 km². Til samanlikning har Møre og Romsdal eit areal på 15.121 km².
  • Landet er ein stor produsent av olje og gass. Qatar har verdas største utslepp av CO2 per innbyggar.
  • Qatar blir styrt av familien Al-Thani, som har kontroll over både det politiske og religiøse livet i landet.
  • Diskriminering av migrantarbeidarar, kvinner og LHBT-personar er eit stort problem i Qatar. Det er ikkje ytringsfridom, rettstryggleiken er ikkje garantert og det er eit land der dødsstraff blir praktisert.
  • Homofili blir straffa med fengsel inntil sju år i Qatar.