Ei fotballegende fyller år - og no sluttar han kanskje for godt?

22.09.2021

I dag gratulerer vi Åge Hareide med 68-årsdagen. Gåva han fekk på forskot, cuptap for Viking, var nok ikkje det han ønska seg mest. Men han står det heilt sikkert over. For tida går det mykje betre i serien, der Riosenborg er ein del av det rekordjamne beitet i toppen. Dessutan er trofesamlinga allereie omfattande.

Hareide har tidlegare lagt opp som trenar både ein og fleire gongar, og så ombestemt seg. Litt overraskande gjorde han det i sommar kjent at han vil slutte i Rosenborg etter berre denne eine sesongen, og gje seg som trenar for godt. Han forsvinn vel frå Rosenborg. Men om dette er Hareide sitt endelege farvel til trenargjerninga, gjenstår å sjå.

Som spelar hadde Åge Hareide ei lang og ærerik karriere for Hødd, Molde, Manchester City og Norwich. Eg hugsar godt da han returnerte til Molde etter opphaldet i England i 1984. Stemninga på gamle Molde stadion var elektrisk da Hareide kom ut på banen. Berre få minutt ut i kampen slo han til med ei sklitackling som fekk det til å gjalle mellom tribunane. Eg hugsar ikkje kven det var som fekk svi. Men eg vil tru han kjente smellen godt.

Åge Hareide fekk 50 kampar for det norske A-landslaget og 15 for aldersbestemte landslag.

Trenarkarriera er innhaldsrik. Best har Hareide gjort det i utlandet, med ei suksessrik tid som trenar for det danske landslaget som eit imponerande høgdepunkt. Som trenar for det norske landslaget gjekk det ikkje fullt så bra. Han har vore trenar i Molde Fotballklubb, Helsingborgs IF, Brøndby IF, Rosenborg Ballklub, Örgryte IS og Viking FK. Hareide har trena Helsingborg og Rosenborg til seriemeisterskap, og Molde, Helsingborg og Rosenborg til kvart sitt cupmeisterskap.

Med si merittliste har den nybaka 68-åringen etter mi meining gjort seg fortent til merkelappen «levande legende». Av og til kan han vere irriterande arrogant. Men i det store og heile ser vi ein jovial og open kar, som gjennom eit langt liv har lagt ned ein utruleg innsats for norsk fotball.