Ei haustferd over Tæla

03.10.2022

Det vart ei lita mimrestund med gamle bilde i dag. Eg fann ei mappe frå 16. oktober 2005, som inneheldt foto frå ein tur over Tæla, med nedstigning til Kvenndalen om Fjellenden. Eg hugsar faktisk turen godt, den dag i dag. Det var ei fin haustferd.

Eg har samla eit knippe bilde frå turen på denne sida. Den som vil, kan dermed få bli med på ein liten digital reprise på vandringa, 17 år etterpå.

Det er alltid godt å kome fram til Tæla og bli møtt av dette synet. Rognene i framgrunnen har mista lauvet så langt ute i oktober. Sidan 2005 har også allmenntilstanden til desse trea vorte svekka. Men dei står der framleis, som eit triveleg landemerke. I 2016 æra eg dei med eit blogginnlegg. Det kan du lese her.

Fossåa er Tæla sitt smykke. Ikkje sjeldan tek vi oss småturar langs denne idylliske fjellelva, som med søg og song er med på å gi Tæla sjel. Fossåa betyr mykje for oss i Tælastuå. Her hentar vi stort sett drikkevatnet, borte ved fossen badar vi og her nyt vi lange lunsjar. Fossåa er ein viktig bidragsytar til det gode livet på Tæla.

Høgspentlina har vore ein del av landskapet på Tæla sidan tidleg på 70-talet. Akkurat på denne turen ga dei meg eit fint motiv. Elles må eg vel seie at eg ikkje ville ha sakna dette innslaget i utsikta frå hytta, om det kom bort. Men straum må samfunnet ha. Da lyt vi også tole eitt og anna naturinngrepet.

Etter kvart som ein nærmar seg Veltret, stig mektige fjell fram i synsranda. Frå denne vinkelen er det ikkje så godt å sjå at Søyådalen ligg mellom Blånebba og Trollhøtta.

Veltret byr på utsyn over Tæla og til toppar både nært og fjernt. Lengst unna ser vi Tussan på grensa mellom Surnadal og Heim. Til høgre for dei stikk mektige Tustna-fjell opp. Veltret er rundt 620 m.o.h. på sitt høgaste. Til samanlikning ligg Tælastuå på 485 m.o.h. Avstanden frå hytta til Veltret er om lag tre kilometer. Terrenget stig meir enn det ser ut til.

På veg ned Fjellenden kjem Trettsetra til syne.

Hytta som Olaf Nordvik bygde ved foten av Storfjellet inne ved Fjellenden, ligg fint til. Her er det ope landskap, med utsikt i alle retningar.

Turen nærmar seg slutten. Skumringa sig inn over Kvenndalen og hytta på Garden.