Ei legende fyller år

29.05.2021

29. mai fyller vokalist, pianist og komponist Gary Brooker 76 år. Heilt sidan Procol Harum vart starta på 1960-talet har Brooker vore frontfigur og sjef i gruppa. Han er ei levande legende.

Procol Harum og Gary Brooker vil for alltid vere uløyseleg knytta til songen «A whiter shade of pale», som kom ut i 1967. Dette vart ein hit heilt utanom det vanlege, og skal vere den mest spela songen i Storbritannia dei siste 75 åra. Den er den dag i dag ofte å høyre på norsk radio.

Etter mi meining er Procol Harum eit av dei beste banda som nokon gong har eksistert. Bortsett frå ein pause frå slutten av 70-talet og fram til 1991, har dei halde det gåande sidan 1967. Gjennom åra har gruppa gjeve ut fjorten studioalbum. I 1972 kom den fantastiske liveplata saman med Edmonton Symphony Orchestra. I dei seinare åra har m.a. liveplata «In Concert with the Danish National Concert Orchestra and Choir» kome til. Den vart utgjeve i 2009, og er utruleg nok nesten på høgde med Edmonton-albumet.

I samlinga mi står alle platene til Procol Harum. Det er ein stor musikalsk skatt.

Eg har fått med meg fire konsertar med Procol Harum. Den femte var planlagt i fjor vår, men koronaen kom i vegen. Etter den svært imponerande konserten i Drammen for tre år sidan var eg og broder Ole Magne så heldige å få helse på og slå av ein liten prat Gary Brooker. Ei stor stund for to enkle kvennbøgardingar, som gjennom eit langt liv har bruka ubegripeleg mykje tid og pengar på musikk.

Håpet om å få oppleve konsert nummer fem med Procol Harum lever i høgste grad. Eg ser at gruppa planlegg nye turnear.

Eg gratulerer min store musikalske helt med dagen.