Ei lykt som viser veg

23.05.2021

Kystverket har ansvaret for drift og vedlikehald av 21.000 navigasjonsinnretningar langs norskekysten. Ei av desse er lykta på Nørdre Odden rett utanfor Bud.

Eg kjører rett som det er ned til Lisjesundet for å beundre det alltid skiftande lyset som himmel og hav skaper i dette farvatnet. Lykta på Nørdre Odden ligg slik til at ho ofte blir med på bilda eg tek herifrå.

Dette har vorte som ein favorittplass for meg. Det slår meg at det å sitte her og sjå utover mot storhavet, gjev den same indre opplevinga som å vandre rundt på seterstølen og sjå mot fjell og vidder. Livet byr på stunder der du veldig sterkt kjenner at du er ein del av noko som er mykje større enn deg sjølv. (Klikk på bilda for å gjere dei større).