Ei NRK-legende takkar av

23.06.2022

Denne dagen starta eg med å ta farvel med Magnus Takvam. På den siste dagen sin i NRK, fekk han heile Politisk kvarter til disposisjon.

Eg begynner alle kvardagar med Politisk kvarter. Det er etter mitt syn NRK sitt beste og mest opplysande debattprogram. Ikkje sjeldan har Magnus Takvam vore gjest i programmet, for å kaste lys over store og små politiske spørsmål.

I NRK er ikkje alder berre eit tal. Når medarbeidarane passerer 70 er det over og ut, uansett restarbeidsevne. Etter førti år i NRK, sluttar Takvam seg no til den nye nettavisa Alltinget. Der skal han bidra med politiske analyser.

Takvam går inn i ei lang rekke av skarpskodde kommentatorar i NRK. Vi hugsar legender som Herbjørn Sørebø, Lars-Jacob Krogh, Bjørn Hansen, Geir Helljesen og mange fleire. Eg skal ikkje rangere dei. Men at Magnus Takvam står særs støtt i dette selskapet, det er det ingen tvil om.

Takvam har dyrka verdiar som kunnskap, sanning, integritet og folkeskikk. Slik har han vore høgt respektert i alle politiske leirar. Min journalistiske arena har vore ein heilt annan. Likevel høyrer Magnus Takvam med blant dei eg vil kalle forbilde.

Politisk kommentator i VG, Tone Sofie Aglen, skal fylle tomrommet etter Magnus Takvam. Aglen har ein solid CV, og er nok eit svært godt val. Med si breie erfaring, m.a. også som politisk redaktør i Adresseavisen i åra 2016-2019, vil ho ikkje trenge lange innkøyringstida.

Takk for innsatsen, Magnus Takvam. Mange av dagens sjølvopptatte mediespirrevippar, også innafor den politiske journalistikken, har mykje å lære av deg.