Ei strålande 17. maihelg - som enda med lungebetennelse

15.05.2021

I 2013 fall 17. mai på fredag før pinse. Dermed vart det ei langhelg på Tæla, til overmål velsigna med strålande ver og brukbart skiføre.

Det vart 17. maitog på ski i traktene rundt hytta. Nokså sikkert var dette det einaste toget i landet der samtlege deltakarar var utstyrt med både maisløyfe og ski på beina.

Det var flotte dagar for det enno ikkje gifte paret Fjøren/Ansnes.

Vi reiste ned frå Tæla 1. pinsedag. Dagen etter sette eg meg ned for å sjå fotballkamp. I løpet av første omgang kjente eg at eitt eller anna var på gang i kroppen. Før kampen var omme sat eg og fraus med høg feber.

Tysdag heldt eg senga, før eg onsdag måtte krype til korset og oppsøke lege. Han kom raskt med diagnosen. Det var lungebetennelse - til overmål så aggressiv at han ville legge meg inn på sjukehuset i Molde. Det vart fem døgn på sjukehuset og deretter to vekers sjukemelding.

Så slik gjekk det med den 17. maihelga. Kle dykk godt og feir med måte!