Ei vanvittig pengemaskin: Hydro Sunndal tener 16,7 millionar kr. om dagen

05.05.2022

Hydro Sunndal tener mykje pengar. Ubegripeleg mykje pengar, rett og slett.

Tidlegare denne veka vart resultatet for første kvartal 2022 lagt fram. Det viser at Hydro Sunndal i løpet av dei 90 første dagane av inneverande år tente 1,5 milliardar kroner. Det er det beste kvartalsresultatet gjennom alle tider for bedrifta.

Kor mykje pengar er eigentleg 1.500.000.000? Eg har leika litt med tala.

For det første: Halvannan milliard tilsvarar nokså nøyaktig ein promille av ramma for statsbudsjettet i 2022. Aluminiumsverket på Sunndalsøra tener altså i løpet av eit kvartal ein tusendel av det den norske staten totalt vil tene i løpet av heile året.

Reknar vi på ein annan måte, finn vi ut følgande:

Ei forteneste på 1,5 milliardar i løpet av eit kvartal blir nesten 16,7 millionar kroner pr. dag. Til samanlikning har to millionar om dagen tidlegare vore rekna som eit godt resultat for verket. Bryt vi tala vidare ned, finn vi at kvartalsoverskotet utgjer ei forteneste på 694.000 kroner i timen, 11.500 kroner i minuttet og 193 kroner i sekundet!

Hydro Sunndal opererer i ein internasjonal marknad. Det betyr at drift og lønsemd kviler på ein del premisser som bedrifta sjølv ikkje rår over. To av desse er dollarkursen og aluminiumsprisen. Akkurat no slår begge desse parametrane positivt ut.

Likevel: 1,5 millliardar kroner på 90 dagar overgår forstanden til dei fleste av oss.

Vi kan slå fast: Hydro Sunndal, flaggskipet til Hydro-konsernet, er ei større pengemaskin enn nokon gong.