Lars Steinar Ansnes
Velkomen til heimesida mi.
Meny
  • Framside
  • Frå dag til dag
  • Smånytt
  • Fintenkjarplassen
  • På spissen
  • Gamle foto
  • Tælastuå
  • Lyset i Lisjesundet
  • Min musikk
  • Bildeseriar
  • Sportsnostalgi
  • Frilanstenester
  • Video
  • Vakre Bud
  • RP-klipp
  • Lokalhistorie
  • Arkiv første år
Vis mer

Ein attraksjon - uavhengig av ver og vind

31.07.2021
Grått, men likevel fint.
Grått, men likevel fint.

Atlanterhavsvegen er vel verdt eit besøk, uansett kva tid på året det måtte vere. Sol, regn, snø eller storm - det spelar ingen rolle. Det skiftande lyset i den mektige naturen gjer alltid inntrykk.

No på sommaren er det folksamt her ute. Vi tok ein tur på ein heller grå 31. august, og fekk så vidt parkert bilen i mylderet på Eldhusøya. Storparten av turistane er framleis norske, men vi kunne også registrere utanlandske bilskilt og framande tungemål.

Atlanterhavsvegen vart opna i 1989, etter ei byggetid på seks år. Trafikkmengda, som skulle kome til å overgå alle prognosar, gjorde at at bompengane forsvann allereie i 1999.

I dag er Atlanterhavsvegen ein av dei største turistattraksjonane i landet. I september 2005 vart vegen kåra til Århundrets byggverk 1905-2005 i Møre og Romsdal. Den har også vorte kåra til verdas finaste bilveg av den britiske avisa The Guardian.

Opprinnleg var Atlanterhavsvegen definert som vegstykket mellom Vevang og Kårvåg. Seinare vart turistvegen utvida, slik at Atlanterhavsvegen i dag går mellom Bud og Kårvåg.

Les meir om Atlanterhavsvegen her.

Svevestien på Eldhusøya er laga av ei rist som flyt over terrenget.
Svevestien på Eldhusøya er laga av ei rist som flyt over terrenget.


Share
Tweet
Heimesida er utvikla av
Lars Steinar Ansnes
Drift: Webnode