Ein av dei beste biografiane eg har lese

07.09.2021

Eg har nettopp avslutta lesinga av Thorbjørn Jagland sin memoarar «Du skal eie det selv». Boka er den første i det som skal bli ein sjølvbiografi i to bind.

Biografiar har alltid interessert meg. Det er ein fin måte å lære historie på. Biografiar er som regel subjektive, og må derfor lesast med det som premiss. Samtidig er det også slik at den subjektive framstillinga gjev innblikk i sider ved historia som verken historiebøkene eller mediene greier å fange opp.

Jagland si bok er ei av dei beste eg har lese i denne sjangeren. Den tidlegare statsministeren og Ap-leiaren er ein god forteljar. Eit usedvanleg godt språk gjer boka lettlesen.

Denne første boka omhandlar perioden frå oppveksten under enkle kår i Lier og fram til avgangen som partileiar i 2002. Det er fascinerande å sjå korleis Jagland, med tanke på alle dei toppverva han har hatt nasjonalt og internasjonalt, aldri har gløymt kor han kjem frå. Han takkar foreldra og oppveksten som ein ekte arbeidargut for at han oppnådde det han gjorde.

I boka kjem Jagland med ei grundig forklaring på kvifor han sette 36,9 prosent oppslutning for Ap - i dag eit fullstendig utopisk tal for partiet - som ei nedre grense for å fortsette som statsminister i 1997. På slutten av framstillinga fortel han om korleis han sakte, men sikkert vart mobba og pressa ut av leiarvervet - eit hardkøyr som også resulterte i ein kollaps.

Ein del av det som kjem fram beint ut kvalmande. Vi blir kjende med ei verd full av baksnakk, mobbing, lekkasjar til media, brutale hersketeknikkar og intrigemakeri. Det er utruleg kva menneske på jakt etter makt kan få seg til å utsette andre for.

Thorbjørn Jagland er for lengst ute av politikken. Det er eg sikker på at han lever godt med. Folk med så sterk ideologisk forankring og evne til analyse er det dårleg med plass til i dagens hylekor.