Ein diktar og ei skjelpadde på Surnadal Hotell

01.04.2022

Hotellet si skjelpadde ga Arne Paasche Aasen inspirasjon til eit dikt, da han overnatta på Surnadal Hotell i februar 1952.

Lyrikaren og forfattaren publiserte dikt under pseudonymet DORIAN RED i Arbeiderbladet. Diktet «I det lange løp» vart trykt i denne avisa 23. februar 1952. Av teksten ser vi at dette var medan vinter-OL i Oslo pågjekk.

Paasche Aasen var kjent som arbeidardiktar, og står bak tekster som «Frihetens forpost» og «Vi bygger landet». Det kanskje mest kjende diktet hans er «De nære ting», som godt vaksne vil hugse vart framført av Kurt Foss og Reidar Bøe. Paasche Aasen skreiv også teksten til «Blåveispiken» («Jeg går og rusler på Ringerike»). Kurt Foss og Reidar gjorde denne til ein stor slager.

Kva diktaren gjorde i Surnadal, ut over å bo ei natt på hotellet, har eg ikkje klart å finne ut. Men av diktet går det i alle fall fram at han hadde ei triveleg stund saman med skjelpadda.

(Klikk på bildet for å lese diktet).