Ein draum om månen

24.05.2021

John F. Kennedy hadde ikkje vore president i meir enn snaue fem månader, da han 25. mai 1961 tok til orde for å sende menneske til Månen innan utgangen av 60-talet. Forslaget vart fremma tjue dagar etter den første bemanna amerikanske romferda, Freedom 7.

Det enorme Apollo-programmet vart sett i verk, og åtte år seinare gjekk Kennedy sin draum i oppfylling. Det fekk han ikkje sjølv oppleve. Men da Apollo 11 landa på Månen 20. juli 1969, vart det plassert ein blomsterbukett ved grava til Kennedy. På kortet stod det: «Mr. president, the Eagle has landed.»