Ein elska og hata jubilant

30.11.2022

30. november 2022 fyller Vinmonopolet hundre år. Mange har meiningar om jubilanten og dei varene som står i hyllene ute i butikkane. Vinmonopolet er både elska og hata.

Jubileet skal slett ikkje brukast til å starte ein alkoholdebatt her på Vebju. Men å sjå litt på historia og funksjonen til Vinmonopolet kan vel ikkje skade.

Alkoholmisbruk førte til stor sosial naud i Norge tidleg på 1900-talet. Vinmonopolet vart oppretta for dempe skadeverknadane av misbruket. Om dette har lukkast, er det opp til den enkelte å ha ei oppfatning om. Framleis representerer alkohol eit helseproblem i Norge. Misbruk fører kvart år til hundrevis av dødsfall. Samtidig kan det vere grunn til å spørje: Korleis ville det ha stått til med alkoholvanane til Ola Nordmann, om vi i staden for monopol hadde fritt sal av alkohol? Kanskje ville eit totalforbod mot alkohol ha verka? Eller hadde dette berre ført til illegal produksjon, ukontrollert konsum, enda større helseskader og svart omsetnad i stor stil? Også dette finst det heilt sikkert fleire meiningar om.

Stort sett alle i dette landet bur nært eit polutsal, om dei likar det eller ikkje. I dag er 344 butikkar drift. Vinmonopolet sysselset rundt 1.900 personar. Dei siste åra har Vinmonopolet vore blant dei verksemdene i Norge som scorar aller høgast på tilfredsheit blant kundane. I 2020 toppa dei lista til Norsk Kundebarometer.

Målsettinga om at 97 prosent av befolkninga skal bu i ein kommune med pol, eller mindre enn 30 km frå næraste utsal, er for lengst innfridd. Likevel vil det kome nye butikkar også i 2023, basert på kriterium som busettingsmønster, turisme og handel på staden skriv Vinmonopolet på sine nettsider.

Kvar Homo sapiens sin trong til rusmiddel kjem frå, har vel ingen svar på. Men i alle fall er det slik at menneska har produsert og nytt alkohol i tusenvis av år.  Ifølge Illustrert Vitenskap brygga kinserane øl av ris, frukt og honning for 8.000 år sidan. Egyptiske teikningar frå 4.000 år f.Kr. viser motiv knytta til vin. Den eldste kjente oppskrifta på brygging av en alkohalholdig drikk kjem frå Mesopotamia, dagens Irak. Der vart det funne ei 3.900 år gammal kileskrifttavle med ei oppskrift på øl av bygg.

I Bibelen er alkohol nemnt mange gongar, både i positive og negative ordelag. I 5. Mosebok 14:26 står det: ««Pengene kan du bruke til å kjøpe alt det du har lyst til, storfe og småfe og vin og sterk drikk, alt det ditt hjerte attrår, og du skal ete det for Herrens, din Guds åsyn og være glad, du og ditt hus». Den som slår opp i Ordspråka 23:20, 21, vil derimot får eit motsett råd: «Vær ikke blant dem som fyller seg med vin, eller blant dem som fråtser i kjøtt. For den som eter og drikker, blir fattig, og rusen kler folk i filler».

Nei, det er ikkje så godt å vite kva som er rett eller gale. Mange vel fråhald, som eg tykkjer er eit svært respektabelt standpunkt. For den som tykkjer det er godt med eit glas av og til, kan dette ordtaket etter den britiske forfattaren Gilbert Keith Chesterson vere ein god regel: «Gå til glaset med di glede, men ikkje til flaska med di sorg».