Ein gammal helt har grunn til å feire

04.08.2021

Vi kostar på oss ein hyllest av ein av våre største vinteridrettsutøvarar gjennom tidene, Bjørn Wirkola. Den gamle storhopparen fyller 78 år 4. august.

Ikkje rundt tal, akkurat. Men Wirkola kan også feire et anna jubileum i 2021. Det er nemleg femti år sidan han vann the double saman med Rosenborg. Han scora i cupfinalen mot Fredrikstad, og var laget sin toppscorar i serien denne sesongen.

Bjørn Wirkola spelte fotball parallelt med karrieren som skihoppar. Han gjekk frå Melhus til Rosenborg i 1971, og heldt det gåande i fire sesongar med fotball på norsk toppnivå.

Bjørn Wirkola som ung kombinertløpar. (Foto: Rana Blad).

Eg hugsar forresten ei Todalshelg på slutten av 60-talet. Da var Melhus, med sjølvaste Bjørn Wirkola på laget, eit av laga som deltok i fotballturneringa. Stemninga på Bordholmen var andektig da nasjonalhelten viste seg - for å seie det mildt!

Storhopparen frå Alta var min barndoms store idol. Dei to VM-gullmedaljene i 1966 har eg vel strengt tatt ikkje kome over enno. Det var ubegripeleg.

Bjørn Wirkola vart tildelt Olavstatuetten i 1966, Sportsjournalistenes statuett i 1967, Holmenkollmedaljen i 1968 og Egebergs ærespris i 1971. Det fulle namnet på den sistnemnte prisen er eigentleg Kabinetskammerherre Egebergs ærespris for alsidig idrett. Og Wirkola var verkeleg allsidig. Han var i mange år verda beste skihoppar, og i fleire sesongar altså blant landets fremste fotballspelarar. I unge år var han også ein habil kombinertløpar, med to NM-gull som junior og eitt sølv i senior-NM. I 1964, to år år før han vart dobbelt verdsmeister i spesielt hopp, deltok Bjørn Wirkola i OL i Innsbruck både som spesialhoppar og kombinertløpar.