Ein gammal tradisjon: Fake news for moro skuld

01.04.2021

Har du vorte narra april i dag? I så fall er du utsett for ein gammal skikk, som ingen heilt veit korleis oppstod. Vil du vite meir om dei ulike teoriane om opphavet, kan du lese om dette på Wikipedia.

Media har opp gjennom åra servert mange aprilspøkar av det fornøyeleg slaget. Ein av dei mest kjente her til lands, er da Aftenposten 1. april 1950 meldte at folk kunne møte opp på Vinmonopolet for å kjøpe vin i bøtter. Forklaringa på det gledelege tilbodet var at tapperiet på Hasle hadde gått tom for flasker. For å unngå å brenne inne med store mengder med rødvin, ville polet ifølge Aftenposten selje vin svært rimeleg til kundar som møtte opp med bøtter eller anna eigna emballasje. Folk gjekk fem på, og det danna seg køar som her ved utsalet på Majorstuen.

37 år seinare slo Bergens Tidens til med ein spøk av same slaget. Avisa meldte at Vinmonopolet hadde konfiskert 10.000 liter med smuglarvin, og at bergensarane var inviterte til å få ein del av varene i staden for at herlegdomen gjekk i kloakken. 200 kvinner og menn møtte opp utanfor polet med flasker, bøtter og spann!

Ein oversikt over gode aprilspøkar finn du her. Usmakelege forsøk på å vere morosam på 1. april finn du ved å klikke her.

I VG kan du lese om årets aprilspøkar.

Fokuset på fake news har gjort at NRK og dei fleste største norske avisene har slutta med å publisere aprilspøkar.