Ein heilt vanleg januarmorgon på Skei i 1966

07.01.2022

Da eg starta i avisbransjen for 45 år sidan, var det framleis ein viktig del av lokalavisjournalistikken å få folket på grasrota i tale. Det handla ikkje altid om «vinkling». Vi berre dro på bygda, tok bilde og snakka med dei vi trefte om smått og stort.

Folk likte å lese desse reportasjane, som også hadde ein annan viktig funksjon: Dei bidro til å knytte band mellom avisa og lesarane.

Eg har alltid sagt at ein av nøklane til Driva sin suksess da avisa kom i 1971, var at dei var så flinke på nettopp denne typen journalistikk. Folk fekk sjå bilde av seg sjølve i avisa. Når Driva dekte ein bygdakveld, var det ikkje bilde kun av festtalaren. Alle som deltok kom i avisa, inklusive publikum og kjøkkenpersonalet.

Det var enkelt, men likevel så revolusjonerande. Lesarar ute på bygdene, som var vande med ta til takke med kristiansundsavisene og eit kommunestyrereferat i ny og ne, opplevde ei ny tid.

Når eg er inne på dette temaet, må eg nesten ta med ei historie frå Kvennbø frå tidleg på 70-talet. Vi var i gang med å måle stuehuset. Plutseleg dukka Einar Sæter, redaktør i den ferske lokalavisa Driva, opp. Han begynte å snakke med oss, og samtalen flaut vel greit. Vi såg at intervjuaren noterte. Men da han tok fram kameraet, skifta stemninga. Faren vår fordufta inn i fjøset. Eg og Ole Magne la på sprang - med redaktøren etter oss. Vi gutane var raskast, og det vart aldri noko bilde.

Ikkje visste Einar Sæter da at dei to håplause karane han jakta, seinare skulle bli redaktørar i Aura Avis og Driva!

Sjølv var Sæter redaktør i Aura Avis i 17 år, før han seinare sat like lenge som redaktør i Driva. Eg konkurrerte mykje med Sæter. På eitt område slo eg han grundig: Eg hadde jobben som redaktør i Aura Avis i 24 år.

Som nemnt var det ikkje så ofte at kristiansundsavisene dreiv med grasrotjournalistrikk ute på bygdene før i tida. Så fann eg eit 55 år gammalt unntak. 5. januar 1966 bruka Tidens Krav ei heil side frå Skei, der «mannen i gata» fekk kome til orde.

Avisa hadde vel neppe sendt ein medarbeidar heilt frå Kristiansund for å lage noko så «uvesentleg» som dette. Eg reknar med at det bak signaturen «Kotoh» skjuler seg ein lokal innsendar. Men uansett, dette er ei fornøyeleg side, som eg vil tru at i alle fall mange godt vaksne surnadalingar vil ha glede av å sjå att.