Ein historietime i Jämtland

29.05.2022

Jämtland og Herjedalen ligg ikkje langt unna oss. Ja, ein gong i tida var det også norsk område.

Det vart ein liten ferietur i desse traktene denne veka. Landskapet er ulikt det vi er vande med på Vestlandet. Ikkje desto mindre er det med sine endelause, skogkledde vidder fascinerande og vakkert.

Vi stoppa på eit par døgn i Östersund, som er Jämtland sin einaste by. Her bur det over 52.000 menneske. Byen ligg ved den vakre Storsjön, som er den femte største innsjøen i Sverige. Storsjön har eit areal på 464 km2. Til samanlikning er Mjøsa sitt areal 362 km2.

I Östersund ligg museet Jamtli, der vi den eine dagen kom til å bruke rundt tre timar. Jamtli vart opna i 1912, og er i dag ein stor turistattraksjon i regionen. Så tidleg i sesongen var enno ein del bygningar ikkje opna. Salsbodene var ikkje i bruk, og dei fleste av dyra som går rundt her om  sommaren var ikkje komne. Like fullt vart det nokre interessante timar, som ga innblikk i svensk bonde- og samehistorie.

Eg tok mange bilde. Klikkar du deg gjennom bildeserien under, vil du lett sjå kor mykje vi har til felles med den svenske historia og det svenske folket.