Ein historisk gebursdag

22.07.2021

21. juli 1969. Det var ein dag i slåttonna. Ole Magne hadde gebursdag og det var godver. For broderen passa veret dårleg. Sol og varme betydde høykøyring, noko som igjen gjorde at feiringa av dagens hovudperson hamna litt i bakgrunnen. Han var vant til at det ofte var slik, men la aldri skjul på at han mislika det.

Men uansett ver ville han ikkje ha vore den viktigaste personen akkurat denne 21. juli. Medan vi låg og sov i påvente av 11-årsdagen, landa to personar på månen. Klokka 03.56 sette Neil Armstrong foten på måneoverflata. I USA var det framleis 20. juli. Litt seinare var Buzz Aldrin også ute av landingsfartøyet.

I Utigard hadde vi fjernsyn. Eg gløymer aldri svart/kvitt-bilda som flimra over skjermen utover dagen. Og lyden - ikkje minst lyden. Vi kunne høyre folk snakke på månen! Det var uverkeleg.

Høykøyring, månelanding og gebursdagsselskap. Eg hugsar 21. juli 1969 svært godt. Det gjer nok broderen også. Men der og dag gjorde heilt sikkert presangane større inntrykk den nybaka 11-åringen enn månelandinga.