Ein idyllisk rundtur i nærområdet

10.09.2021

Eg trur faktisk det er helse og trivsel i kvart tråkk. Mi karriere som syklist er ikkje så lang enno, men uansett - det har vorte mykje meir trim enn før etter innkjøpet av tohjulingen.

Etter at regnet ga se torsdag denne veka, tok eg ein rundtur i nærområdet. Det vart om lag ei mil, i eit landskap som byr på eit utal av idyllar. Her er nokre av dei.