Ein OL-vinnar ville ha fylt 70 år

24.06.2021

24. juni 2021 ville den tidlegare langrennsløparen Ivar Formo ha fylt 70 år. Dessverre gjekk han bort allereie i 2006, da han drukna i ei råk i vatnet Store Sandungen i Nordmarka utanfor Oslo. Ulykka skjedde på 2. juledag.

Forma hadde ein lysande karriere i langrennssporet. Den første store triumfen var EM-gull som junior både individuelt og i stafett i 1970. Dei to andre på stafettlaget var Oddvar Brå og Iver Jønland.

Formo sin største bragd var OL-gullet på 50 km i Innsbruck i 1976. Det var den gongen Bjørge Lillelien lira av seg denne regla: «Saken er biff, saken er karbonade, saken er ertesuppe!» I OL i Sapporo fire år tidlegare tok Formo bronse på 15 km. Han vann også to OL-sølv og to VM-bronse i stafett.

I tillegg til dette må det nemnast at Ivar Formo vann seks NM-gull, han gjekk til topps i Birkebeinerrennet ein gong og han var i 1974 med på å ta tredjeplassen for Norge i VM-stafetten i orientering. Han han vart tildelt Egebergs ærespris i 1973, Holmenkollmedaljen i 1975 og Morgenbladets gullmedalje i 1976.

Etter idrettskarrieren hadde Ivar Formo suksess som forretningsmann. I ein periode var han også leiar i langrennskomiteen i Det internasjonale skiforbundet.

Jamaldringen Oddvar Brå fortalte i eit intervju med NRK at han snakka med Ivar Formo på vesle julaftan i 2006. Dei skulle feire nyttår saman. Dødsfallet vart eit forferdeleg sjokk for Brå, som til Aftenposten karakteriserte sin venn gjennom 43 år slik:

- Ivar satte seg alltid meget høye mål og jobbet hardt for å nå disse. Ofte kunne han virke litt streng utad, men hjertet var varmt. Han hadde omsorg for menneskene rundt seg.