Ein tidlegare kringkastingssjef fyller år - vi ser på heile galleriet med NRK-sjefar

16.07.2021

Blant deI som fyller år 16. juli er John G. Bernander. Næringslivsmannen, juristen og den tidlegare kringkastingssjefen er født i 1957.

Bernander er så langt den siste kringkastingssjefen utan mediabakgrunn. Men han var langt frå den første. Sørlendingen hadde ei fortid som aktiv Høgre-politikar, og var den første NRK-sjefen utan tilknyting til Arbeiderpartiet.

Vi kan ta ein titt på den ærverdige lista over kringkastingssjefar - som så langt tel berre menn.

Kaare Fostervoll (1891-1981) frå Kristiansund var den første kringkastingssjefen. Han sat i stillinga i åra 1948-1962. Fostervoll var skulemann, målmann og Ap-politikar, heilt utan erfaring frå media. Men det var ikkje noko poeng den gongen. Journalistikken hadde tronge kår i NRK. Kringkastinga skulle drive folkeopplysing, og samtidig fungere som eit reiskap for den statsberande krafta i landet, Arbeiderpartiet. I kringkastingshistoria vil Kaare Fostervoll for alltid bli ståanade som den som fekk fjernsynet til Norge.

Etter Fostervoll kom Hans Jacob Ustvedt (1903-1982). Ustvedt var professor i indremedisin, med tuberkulose som spesialfelt. Med rett partibok kunne ein i 1962 bli leiar for landet si viktigaste mediabedrift med ein slik bakgrunn.

I 1972 vart Torolf Elster (1911-2006) Norge sin tredje kringkastingssjef. Elster hadde, i motsetnad til forgjengarane, brei mediaerfaring. Han var også forfattar.

Sunnmøringen Bjartmar Gjerde (1931-2009), som overtok i 1981, hadde vore journalist i Sunnmøre Arbeideravis. Men elles var dette ei rein partiutnemning. På 70-talet var Gjerde m.a. statsråd for Ap i til saman åtte år. I Gjerde si tid sørga Willoch-regjeringa for at NRK-monopolet vart avvikla, og kringkastinga fekk konkurranse frå private radio- og TV-stasjonar.

Einar Førde (1943-2004), framståande og kontroversiell Ap-politikar, vart kringkastingssjef i 1989. Han viste seg å vere ein visjonær leiar, sjølv om utnemninga var omstridd. Under slagordet «Einar i tre kanalar» vart det i hans tid innført ein ny kanalmodell for radio i NRK.

Da Einar Førde gjekk av i 2001, hamna gebursdagsbarnet John G. Bernander i sjefsstolen. Etter han, i 2007, kom Hans-Tore Bjerkaas (f. 1950). Bjerkaas var ein tungvektar i NRK-systemet, og hadde ein journalistisk ballast som låg milevidt over det forgjengarane kunne vise til.

Bjerkaas overlet stafettpinnen til Thor Gjermund Eriksen (f. 1966) i 2013. Eriksen sit framleis i jobben. Før dagens kringkastingssjef kom til NRK, hadde han hatt leiande stillingar i Aftenposten, Dagbladet - i sistnemnte avis også som sjefredaktør - og mediekonsernet Amedia. I Amedia var han konsernsjef da han gjekk til NRK.

Oversikta over kringkastingssjefar er eit interessant og mangfaldig persongalleri. Dei er alle ein viktig del av mediehistoria her til lands. I dag er NRK landets største mediehus, med ca. 3.300 tilsette fordelt på om lag 50 kontor rundt om i landet og ein omsetnad på over seks milliardar kroner.