Ein tur til Mora: Han vann Vasaloppet ni gonger

25.05.2021

25. juni 1917 vart den svenske skilegenda Nils «Mora-Nisse» Karls­son fødd i Östnor i Mora i Dalarna. Han levde til 2012, og vart såleis ein gammal mann.

«Mora-Nisse» sitt namn er først og fremst knytta til Vasaloppet, som han vann ni gonger. Vasaloppet går mellom Sälen og Mora, som er ei strekning på 90 kilometer. På det meste deltok over 16.000 løparar. No er deltakarkvoten redusert til rundt 15.000.

Eg var innom Mora på ein ferietur i 2004. Det er ein triveleg svensk småby, der du også sommars tid blir påmint om Vasaloppet. Portalen ved målgang står fastmontert heile året, og byen har eit eige museum for Vasaloppet, Vasaloppets Hus. Her kan du m.a. sjå ein svært livaktig modell av Nils «Mora-Nisse» Karls­son