Ein tvilsam jamaldring: 66 år med Melodi Grand Prix

24.05.2022

Vi som er født i 1956 må leve med ein ting: Vi er like gamle som Melodi Grand Prix. Forhåpentlegvis er vi ikkje like utskjelte som denne tvilsame jamaldringen.

Historia om Melodi Grand Prix er altså 66 år gammal. Den første finalen vart halden i Lugano 24. mai 1956. Sju land deltok. Kvart land stilte med to songar, som alle vart akkompagnerte av det same 24 mann sterke orkesteret. Her er det vel noko som seier oss at melodien på den tida var viktigast. Smaklaus staffasje og høg fesjåfaktor var enno fråverande. Artisten Lys Assia frå Sveits vann med songen Refrain.

Norge vart med i 1960. Etter at NRK året før inviterte til konkurranse om å lage den beste norske slageren, kom det inn heile 303 bidrag.

4. februar 1960 vart det arrangert semifinale på NRK Radio. Ein jury på ti medlemmar skulle vurdere elleve songar, og blant desse plukke ut seks finalistar. I semifinalen delte Inger Jacobsen og Jens Book-Jenssen på framføre samtlege av bidraga. Berre det beste var godt nok.

Finalen var sendt i både radio og fjernsyn 20. februar 1960. Dette skjedde faktisk eit halvt år før fjernsynet vart offisielt opna i Norge. Nora Brockstedt gjekk til topps med Voi Voi, som seinare skulle klare ein sterk fjerdeplass i den internasjonale finalen.

Opp gjennom åra har norske MGP-songar kome og gått i uhorvelege mengder. I dette mylderet er Voi Voi den dag i dag ein melodi som folk hugsar.

Sidan 1960 har Norge delteke i finalen i Melodi Grand Prix 60 gonger. Vi kan skilte med tre førsteplassar. Desse kom i 1985, 1995 og 2009. Samtidig er Norge grossist i sisteplassar. Anita Thallaug innleia denne triste historia i 1963, da ho vart jumbo med Solhverv. Seinare kom Norge på sisteplass i 1969, 1974, 1976, 1978, 1981, 1990, 1997, 2001, 2004 og 2012. Fire gonger, i 1963, 1978, 1981 og 1997, fekk Norge null poeng.

«Opp gjennom åra har norske MGP-songar kome og gått i uhorvelege mengder. I dette mylderet er Voi Voi den dag i dag en ein melodi som folk hugsar»

Frå 1956 og fram til i dag har Melodi Grand Prix, til liks med oss som kom til verda dette året, gjennomgått store endringar. Vi som no har passert midten av sekstiåra begynner vel å bli ferdige med den verste dumskapen. Melodi Grand Prix prøvar desperat å fornye seg og tilpasse seg moderne tider. Ikkje alt er like vellykka. For å seie det mildt.

I 2019 varta Island opp med eit forferdeleg bidrag. Det inspirerte meg til å melde følgande på Facebook: Det islandske MGP-bidraget får meg til å tenke på mjølkemaskina vi hadde i fjøset da eg var guttunge. Når ho let som dette var det på tide å ringe etter reparatør.

Les også: Melodi Grand Prix, Vasaloppet og Lars Monsen