Eit 120-årsminne om ei populær kronprinsesse
28.03.2021
Kronprinsesse Märtha kom til verda 28. mars for 120 år sidan. Kronprinsesse Märtha var dotter av prins Carl av Sverige og prinsesse Ingeborg av Danmark. Hennar fulle namn var Märtha Sofia Lovisa Dagmar Thyra.
21. mars 1929 gifta ho seg med den to år yngre kronprins Olav. Dei to var søskenbarn, da kong Haakon var onkel til Märtha.
Kronprinsesse Märtha døydde 5. april 1954, berre 53 år gammal. Dødsårsaka var hepatitt, og smitta fekk ho i seg etter ei blodoverføring i samband med ein operasjon i USA under krigsåra.
Märtha var ei svært populær kronprinsesse. Dødsfallet utløyste landesorg i Norge. Kong Haakon, som sette svigerdotter si høgt, skal ha sag til C. J. Hambro: «Det burde heller ha vært meg, gamle, unyttige mann.»