Eit 60-årsminne: «Han bytte seg ut i ein hop både i ruv og reising»

13.08.2022

I desse dagar er det 60 år sidan Ola E. Holten, Stor-Ola Ytterholta, døydde. Han var født i 1887, og vart 75 år gammal. Mange på Eidet vil enno hugse denne kjempa. Sjølv om mannen er borte, lever framleis mange historier om kor sterk han var.

Hans Hyldbakk skreiv eit minneord om Stor-Ola i Tidens Krav 13. august 1962. Minneordet er eit nydeleg stykke prosa, som etter mi meining viser ordkunstnaren Hyldbakk på sitt mest elegante.

Kleivakongen formulerte seg slik:

Det var no sistledne laurdag han døde, 75 år gamal stod det i lysinga. Med Ola Endresen Holten er ein traust bonde, ein sterk rudningsmann og ein tru tradisjonsberar vandra bort. Og saknet etter han blir så mykje større avdi her finst så få att av det gamle slaget til å fylle romet og gjera oppatt etter han.

For bonden på Ytterholten var Ikkje av dei menneske som det finst mange att av - om dei da finst i det heile. Han bytte seg ut i ein hop både i ruv og reising, og auglaget under dei kvasse brunene høyrde ingen såkorn bedar til. Det var ikkje for ingen ting at han i beste ungdoms- og manndomstida si gjekk for å vera sterkaste karen i bygda.

Det same gjorde far hans i si tid, og elles fekk han i så måte ein stor arv frå heile ætta attover til han «Stor-Endre», som enno går lys levande i folkeminnet blant alle oss som ikkje har våre heltar i Hollywood.

Like vel var det ikkje berre kroppen han Ola skilde seg ut frå storhopen. Også i syn og sans skilde han seg ut og gjekk sine eigne vegar. Vekta han brukte var fint justert av liv og røynsle gjennom lange og tronge tider, og det skulle mykje til av nye måtar og moderne kultur for å vega oppAt dei lodda han sjøl la i vektskåla. Berre få ætter her i bygda har vore så bundne til jorda og naturen som «Stor-Endre-ætta» bortpå Eidet. Berrføtte gjekk dei og trilla stein til byggverka sine, og bukjære berga dei livsens føde or slett og slå. Hos han Ola var alle dei urgamle tottar og tæger frå den gamle bondekulturen samla liksom i ei einaste stinn og levande tåg, som gjorde motstand mot alt som åt på Ygdrasils sak. Denne motstanden mot oppløysing av gamle og tilvante livsformer vil gjerne auke med åra hos alle, og slik vart det og med han «Stor-Ola». Fjellkjær markamann som han var, fall det såleis ikkje lett for han å slutte med sæterdrifta i Søyådalen. Difor vart han også den siste som brukte sætra si på gamaldags vis - heilt fram til siste sommaren i 1956. Der fekk ein rømme både med kona og dotra, og var gubben sjøl til stades serverte han gode historier frå livet i farne tider. Han hadde ein gild kopp å ause av i minnet sitt, og sjøl om koppen ikkje alltid var så vid i loggene - vi kunne såleis røa heile kvelden til endes utan å koma utanom Eidet eller Søyå dalen - så var det allveg djupt ned til botnen.

Til gamal bygdekultur høyrer og den tingen å vera sjølbørt med arbeidsbørna på garden. Ola var både bøkker og haghendt snikkar. Han arbeidde tønner og dallar og all den reidskapen som trongst på garden, og i dei siste åra av levetida si bygde han nye vånehus, der glass og dører og all innreiing var gjort med eigne hender.

I sine beste år for Ola ikring med motorsag og skar tømmer åt folk, og enno går det ord om tollene han letta og la på sagbenken åleine når det kneip. - Men det meste av makta si brukte han som rimeleg var til å dyrke jord. Nedmed elva utafor garden låg ei stor og myrlendt flate dei kalla Storøya. - Her vaks berre mose og myrull fra gamalt av. No bårar åker og kløvereng her i vindsøgen frå Søya. Ein provins på tretti-førti mål la han til gards med stubbebrytar og gamaldags reidskap. Og for dette fekk han si eina ste medalje, seiest det. Eg har aldri sett henne, så mange gonger som eg har vore på Ytterholten, og det ville også vore ulikt han å syne fram slikt juggel. Bedre da å syne fram det federne for med og gi meg ei soge med på heimvegen.

Eg var på veg til Søyådalen den laurdagen han Ola slutta. Om kvelden sat eg fred hytta hans Aage og såg bortover til Holtasætra. Der gjekk utgangskrøtter på stølen, og skodda seig nedetter fjellsida og la seg tjukk og stinn over attlæst sæterskjel og audslege tufter. Da kom eitpar liner av Grundtvig svivande fram i minnet mitt:

Utrundne er de gamle dage
som floder i det store hav,
og hvor sig hviler nu den svage
der fandt den stærke og sin grav

Ja tida renn ut, og dei som var sterke nok til å gå sine eigne vegar og bygge på det gamle, dei er snart ikkje meir imellom oss. Men minnet om dei skal leva. Like så visst som minnet om Ola Endreson Holten vil bli levande mellom alle oss som kjende han og hausta rikdom av samværet. Derfor lyser vi fred over minnet hans.