Eit dystert 80-årsminne

26.10.2022

25. oktober 2022 kan vi notere at det er åtti år sidan norske jødar sin formue vart vedtatt beslaglagt ved lov. Samtidig starta ei bølge av arrestasjonar, og i november begynte dei berykta jødedeportasjonane.

Fangane vart sendt til Auschwitz og Sachsenhausen. Av totalt 2.100 jødiske personar vart 770 deporterte til tyskarane sine utryddingsleirar, der det store fleirtalet av dei døydde. Lagnaden var at at dei enten arbeidde seg i hel, eller vart sendt til gasskammera. Arrestasjonane i Norge vart utført av landssvikarane i Hirden og Germanske SS-Norge.

Rundt 60 prosent av dei norske jødane overlevde krigen. Dei fleste av desse berga seg ved å flykte til Sverige.

I nazistane sin rasebaserte ideologi hadde jødane ein heilt særskilt plass. «Den jødiske rase» var ifølge nasjonalsosialistane ein parasittisk og destrutiv rase, som som bak ei verdsomspennade samansverjing.

Nazistyret i Tyskland starta undertrykkinga av jødane allereie kort tid etter at dei kom til makta i 1933. Da krigen var omme våren 1945, hadde seks millionar jødar mista livet.

Det skrive eit utal bøker om jødeutryddingane og den øvrige historia om 2. verdskrig. Mellom dei bøkene eg personleg har hatt stort utbytte av å lese, er «Vi må ikke falle» og «Nå må vi tåle alt» av Ingar Sletten Kolloen. Bøkene er ein del av trilogien «Under krigen». Bind nummer tre er enno ikkje utgitt.

I eit historisk perspektiv er åtti år ikkje lang tid. Altfor ofte ser vi at historia gjentek seg. Derfor må minnet om dette forferdelege kapittelet i verdshistoria haldast levande. Vladimir Putin si brutale framferd i Ukraina viser at freden framleis er ein skjør konstruksjon, også på vårt kontinent.