Eit ikon fyller 80

24.05.2021

59 år etter at han debuterte som plateartist, fyller Bob Dylan (født Robert Allen Zimmerman) 24. mai 80 år. Sidan 1962 har Dylan gjeve ut 38 studioalbum, 92 singlar, 10 konsertalbum, 15 album i Bootleg Series og 19 samlealbum.

Få har prega populærmusikken det siste halve hundreåret sterkare enn Bob Dylan. I dag er han like mykje eit ikon, ein kultfigur, som artist.

Bob Dylan starta som protestsongar med gitar og munnspel, og vart ein leiarskikkelse innafor den amerikanske motkulturen på 60-talet. Etter kvart utvikla han eit breiare musikalsk uttrykk, m.a. gjennom samarbeidet med The Band. I 1974 ga Dylan og The band ut livealbumet «Before the Flood». Frå eit tiår som nærast flaut over av gode konsertplater, er «Before the Flood» blant dei som framleis står støtt som fjell.

I 2016 vart Bob Dylan tildelt Nobels litteraturpris «for å ha skapt nye poetiske uttrykk innafor amerikansk songtradisjon», som det het i grunngjevinga frå Svenska Akademien i Stockholm.

I 2004 vart Bob Dylan nummer to i magasinet Rolling Stone si kåring Greatest Artist of All Time, kun slått av The Beatles.