Eit kuriøst skuleminne: Tannpleie på grøftekanten

08.11.2021

Blant dei meir kuriøse minna frå åra i barneskulen er tannpussen med fluor. Eg hugsar ikkje kor lenge dette pågjekk, men nokre gongar var det altså at vi fekk beskjed om å ta med tannbørste til skulen.

I puljer vart vi sendt til fluorpussen, som skjedde utandørs. Det høyrest nesten uverkeleg ut i dag. Men like aust for det gule bygget stod tannlegeassistenten ved ei grøft og venta på oss. Elevane vart stilte opp på grøftekanten, der vi fekk kvart vårt plastbeger med fluorblanding oppi. Etter nøye instrukser frå tannlegeassistenten pussa vi tennene oppe, ned, bak, framme osb., før vi fekk spytte svineriet ned i grøfta.

Det var nok dei som lurte seg til å tømme alt ned i grøfta med ein gong, og berre let som dei pusssa tennene. Ikkje så rart, eigentleg. Blandinga smaka slett ikkje godt.

Bakgrunnen for denne litt spesielle forma for tannpleie, var at norske forskarar på denne tida jobba med ein ny fluormetode. Som ein ser av artikklen frå Arbeiderbladet frå 8. november 1961, var planen å prøve ut metoden i samarbeid med skulen.

Og det skjedde altså. Barneskuleleelevane tidleg på 60-talet vart prøvekaninar. Om vi tok skade? Neppe.