Eit langt liv med bussar og politikk

27.06.2022

40 år har gått sidan ein av dei mest parkante personane i Surnadal Billag/Mørelinjen si historie, Petter Garte, vart pensjonist. Det er heile 85 år sidan han hadde den første arbeidsdagen sin i selskapet.

Far min var kollega med Garte i store delar av sitt yrkesliv. Eg var ofte innom billaget sitt kontor på Øra. Petter Garte var ein triveleg kar, som alltid hadde tid til å slå av ein prat.

26. juni 1982 hadde Tidens Krav eit avskjedsintervju med Garte, der han fortel om eit langt liv innafor rutebilbransjen og politikken.

Yrkeskarrieren starta som sjåfør i Surnadal Billag i 1937. I 1956 vart han rutesjef, eller trafikksjef, som stillinga seinare vart heitande. Han beskriv yrkesreisa slik:

- Her har jeg fått være med på en fenomenal utvikling både hva vognmateriell og veistandard angår. Det har vært år som har vært preget av en rik utvikling.

Petter Garte var i mange år ein sentral politikar for Arbeiderpartiet i Surnadal. Han var ordførar i 13 år. Allereie i 1946 vart han første gong medlem av kommunestyret, som var det første etter krigen. I tillegg vart det 17 år i fylkestinget, i tillegg til hadde han ei lang rekke andre offentlege verv.

På slutten av 50-talet var Garte blant dei som gjekk i bresjen for innføringa av 9-årig skule i Surnadal, som var ein av dei første kommunane i fylket som gjennomførte denne reforma. Han stod også sentralt i lokalpolitikken da Åsskard, Stangvik og Surnadal vart slått saman til ein kommune.

For innsatsen sin vart Petter Garte i 1979 belønna med Kongens fortenstmedalje i gull. Det sette han pris på. Vi siterer frå intervjuet:

- Jeg føler at folk setter pris på mitt arbeid. For en tid siden fikk jeg overrakt H. M. Kongens fortjenstmedalje i gull - noe jeg satte meget stor pris på. Jeg har også ellers hatt følelsen av å ha folkets støtte i det politiske arbeidet. Derfor kjenner jeg det slik at årene ikke har vært bortkastet på noen måte. Tvert om, årene som har gått vil jeg se tilbake på med glede.