Eit lite minne om ein heidersmann

31.03.2021

Det har plutseleg vorte fjorten år sidan denne heidersmannen gjekk bort. Rundt påsketider tenker eg ofte på min gode ven og læremeister Gunnar Bele. Alle dei fine turane vi hadde saman er minne som eg for alltid vil bere med meg.

Da vi tok over hytta på Tæla var det mykje som måtte reparerast. Gunnar var til uvurderleg støtte. Ja, utan hjelpa frå han er det ikkje godt å seie korleis det hadde gått med restaureringsprosjektet. Gunnar hadde den fine eigenskapen at han alltid sette andre framfor seg sjølv. Vi har mykje å takke han for.

Bildet er tatt på Botnfjellet ein av dei første dagane i mai 2004. Det var berre vi to på tur, mellom mektige fjell i den store stilla.

Ekte vennskap og naturoppleving.

Ein treng ikkje å seie så mykje. Slike stunder ligg bortanfor orda og gjev varig rikdom.

Vi er mange som saknar Gunnar.