Eit liv med tangentar

15.01.2021

Det finst musikk som du knyter livslange band til. Eg skriv desse linene til akkompagnement av mine gamle heltar Emerson Lake & Palmer (ELP), som eg vart kjent med for rundt femti år sidan. Frå den tid har vi halde saman.

Etter å ha høyrt tusenvis av plater opp gjennom åra, kan eg framleis seie at ingen har betydd meir for meg enn ELP-albumet «Tarkus» frå 1971. Det var med den musikken begynte. Plata viste veg inn i ei verd utanfor tre vers og refreng-formatet.

Frontfigur og tangentmann Keith Emerson (bildet) presterte på sitt beste orgelspel som kanskje ingen annan innafor rock og jazz har gjort han etter. Emerson var i tillegg ein eksperimentell musikar. Han samarbeidde nært med dr. Robert Moog, og jobba saman med han i videreutviklinga av «Moog», ein analog synthesizer. Keith Emerson var den første som bruka Moog synthesizer - eit monster beståande av tangentar, knottar og kablar - på turne.

Keith Emerson må nok ta på seg skylda for at eg alltid har vore fascinert av keyboardistar. På 70-talet var han heller ikkje den einaste som hadde godt lag med tangentar. Av andre nemner eg i fleng Rick Wakeman (Yes), Thijs van Leer (Focus), Dave Greenslade (Colosseum), Gregg Allman (Allman Brothers Band) og Jon Lord (Deep Purple). Jon Lord er etter mi meining ein av dei mest geniale musikarar som nokon gong har stått på ein rockescene. Eg høyrer ofte på han, den dag i dag.

Og det finst fleire. Eg skal trekke fram ein for meg heilt spesiell. Eg siktar til Matthew Fisher frå Procol Harum. Det berømte orgeltemaet frå ein av verdas mest spelte songar dei siste 54 åra, «A whiter shade of pale», kjem frå denne mannen si hand.

Procol Harum oppstod på nytt på starten av 90-tallet etter ein pause på nokre år. Dei held framleis koken på imponerande vis, med 75 år gamle vokalist/pianist Gary Brooker som den einaste igjen frå originalbesetninga. Men den unike Procol-sounden er fullt intakt. Fisher var med dei første åra i det reetablerte Procol Harum, før han vart erstatta av Johs Phillips. Det finst eit par live-dvd'ar frå tidleg 2000-tal, der Fisher verkeleg trer fram i lyset. Han har sin eigen stil, og ein musikalsk fingerspitzengefühl frå ei anna verd. Den som trur at Procol Harum kun handlar om «A whiter shade of pale», har gått glipp av mykje.

Og ja, eg kan fortsette å ramse opp organistar med 70-tallsspor som framleis er godt synlege i musikklandskapet. Eg har enno ikkje nemnt Chris Copping (også Procol Harum - tok over for Matthew Fisher etter gruppa sitt tredje album i 1970), Tony Kaye (Rick Wakeman sin forgjengar i Yes), Tony Banks (Genesis), Ken Hensley (Uriah Heep), Gregg Rolie (Santana), Rick Wright (Pink Floyd) og Rick van der Linden (Ekseption). Nederlandske Ekseption var både elska og hata for sin spesielle omgang med klassiske verk. Ein del av det gruppa gjorde står seg framleis brukbart, kanskje særleg det femte albumet.

Tida går. Einn del av dei store musikkheltane frå 60- og 70-talet har etter kvart gått ut av tida. Av dei som er nemnde ovafor gjeld det Keith Emerson (1944-2016), Gregg Allman (1947-2017), Jon Lord (1941-2012), Ken Hensley (1945-2020), Rick Wright (1943-2008) og Rick van der Linden (1946-2006).

Keith Emerson orka ikkje å leve lenger, etter å ha vore plaga av ein nervesykdom i høgrehanda i fleire år. Han ville ikkje framstå som ein middels musikar, og valde revolveren.

Har eg ingen norske favorittar? Jau, absolutt. Men dei får ligge til ein annan gong. Det same gjeld jazzen, som jo er full av tangentvirtuosar.

Men før eg avrundar skal eg likevel nemne sambygding Henning Sommerro. Absolutt ingen rockemusikar i dag, men på 60- og 70-talet ein mann som reiste frå festlokale til festlokale med sitt orgel. For den som var meir interessert i å høre på musikk enn å danse, var det alltid stas når Mad Movies/Vårsøg spelte. Gruppa spesialiserte seg i ein periode på coverversjoner av låtane til Uriah Heep. Mange vil nok meine at dei nesten var betre enn originalane...