Eit naturstridig radioprogram

12.04.2022

Like sikkert som at påska kjem, dukkar Påskelabyrinten opp - no også på TV. Kvar dag i påskeveka er det høgtid i heimen eller på hytta mellom klokka ti og elleve.

Viggo Valle har gjort Påskelabyrinten til ein institusjon. Programmet gjekk på lufta første gong i 1987, og har sidan vore sendt kvar påske. Ingen andre radioprogram har gått over så lang tid med ein og same programleiar.

Det er naturstridig at eit slikt program skal ha livets rett i 2022. Her manglar jo alle dei ingrediensar som høyrer vår tid til: Brautande kjendisar utan allmennkunnskap, irriterande fjortismusikk og ein programleiar som set seg sjølv i sentrum.

Men så har det seg altså slik at Påskelabyrinten har eit publikum på mellom 800.000 og 900.000 lyttarar og sjåarar. Det er enorme tal. Korleis kan det gå an? Teorien min er at svaret ligg snublande nært: Suksessfaktoren er at dei nemnde ingrediensane er fullstendig fråverande.

Påskelabyrinten er meiningsfylt og folkeleg underhaldning, skapt av ein dyktig programleiar i samspel med heilt alminnelege menneske frå bygd og by i Norge. Ja, tenkt det. Det er faktisk slik, tru det eller ei, at også folk utan kjendisstempelet i panna har noko å fare med. Dei kan underhalde og engasjere, rett og slett ved å vere seg sjølv. Og ikkje minst: Mange demonstrerer stor kunnskap. Dette set folk heilt tydeleg pris på.

Eg kjem til å tenke på TV-programmet «Kvitt eller dobbelt» , der vi fekk møte kvardagsmenneske som utelukkande stilte opp fordi dei hadde store kunnskapar om eit eller anna tema. Det var fascinerande og imponerande. Ein kan vel seie det slik at underhaldningsverdien var omvendt proporsjonal med kjendisfaktoren. Etter at dei som greidde alle spørsmåla gjekk ut av studio med premien på 10.000 kroner i handa, høyrde vi - med nokre unntak - ikkje meir til dei.

I den moderne TV-verda går kjendisane i ein slags rundgang, der dei deltek i programma til kvarandre. Det er plagsamt. Påskelabyrinten viser at det er rom for anna underhaldning også i vår tid. At programmet skal utløyse ein ny trend har eg likevel inga tru på. Kjendisdyrkinga kjem nok til å halde fram.

Men om ikkje anna: Enn så lenge har vi Viggo Valle å gle oss til ein gong i året. Men heller ikkje han er noko evigheitsmaskin. Om to år fyller han 70, og da er det vel over og ut. Om det går same vegen med Påskelabyrinten, gjenstår å sjå.