Eit stikk til 70-årsjubilanten

07.10.2022

Bildet over er tatt av Kristine Rosas frå Pixabay.

Vladimir Putin fyller 70 år 7. oktober. Ifølge meldingane skal Putin ikkje nytte dagen til feiring, men til arbeid.

Eg vil heller ikkje tru at han gler seg seg over «presangen» frå Nobelkomiteen, som har vedtatt å gi årets pris til den fengsla belarusiske menneskerettsaktivisten Ales Bjaljatski (60), den russiske organisasjonen Memorial og den ukrainske menneskerettighetsorganisasjonen Center for Civil Liberties. At ei slik pristildeling skulle kunngjerast på Putin sin 70-årsdag, må vel kunne kallast ein skjebnens ironi.

Sjølv om leiaren i Nobelkomiteen, Berit Reiss-Andersen, hevdar det motsette, vil dei fleste oppfatte valet av prisvinnarar som eit skikkeleg stikk til Putin. Eg trur at også jubilanten i Moskva opplever det slik. No må han bruke gebursdagen til å instruere dei statskontrollerte mediene, slik at dei gir det russiske folket den «rette» versjonen av kva som ligg bak pristildelinga.

Eit skummelt usikkerheitsmoment, er om prisen kan føre til farlegare forhold for vinnarane. Berit Reiss-Andersen seier til Dagsavisen at ho er spesielt uroa for Ales Bjaljatski, som sit fengsla utan dom i Belarus. Komiteleiaren håpar at han kome til Oslo for å motta prisen. Sjansane for at vi får sjå ein tom stol på podiet under prisseremonien i desember er nok dessverre mykje større.

Litt om dagens jubilant til slutt: Han var statsminister i Russland frå 1999 til 2000. I 2000 vart han president, før han i 2008 på nytt tok over som statsminister i fire år. Putin starta ein ny periode som president i 2012, og den varer altså enno.

70 år er ein høg alder i Russland. Putin er ifølge Dagbadet fem år eldre enn pensjonsalderen for russiske menn født i 1952, og han er langt over den forventa levealderen for menn i Russland - som også er 65 år. Etter russiske forhold er Vladimir Putin med andre ord ein gammal mann. Det blir også spekulert i om han kan vere alvorleg sjuk. Kva som er fakta her, får vi nok aldri vite.

Leiarane i det gamle Sovjetunionen og Russland har det med å leve lenger enn gjennomsnittet av folket dei styrer og herser med. Leonid Bresjnev vart 76 år, Jurij Andropov 70 år og Konstantin Tsjernenko 74 år. Boris Jeltsin takka for seg i ein alder av 76. Verre var det med Vladimir Lenin. Han vart berre 54 år gammal.

Den store reformatoren Mikhail Gorbatsjov var av eit heilt anna kaliber enn både dei som kom før og etter han. Typisk nok levde Gorbatsjov til han vart heile 91 år gammal.