Eit vakkert minne om fiskarbonden

14.06.2022

Det tek ikkje meir enn ein drøy halvtime å køyre Atlanterhavsvegen frå Bud til Kårvåg - om du tar kortaste og raskaste veg. Samtidig er det heller ikkje noko problem å bruke mange gonger så lang tid, noko eg absolutt vil anbefale. Strekninga byr på ei mengde interessante avstikkarar og stoppestader som ventar på å bli utforska.

Etter å ha budd her i ytre ein god del år no, har eg vore innom mange av desse plassane. Av ein eller annan grunn har eg aldri tatt meg tid til å stoppe ved Maleremmen, som faktisk ligg heilt ved vegkanten. Sist laurdag fann eg ut at dette var det på tide å ordne opp i.

Maleremmen kystgard er omtala som eit typisk eksempel på eit fiskarbondebruk frå 1800-talet, der livsgrunnlaget var ein kombinasjonen av jordbruk og fiske. Årssyklusen for fiskarbonden var: På sildefiske og vårtorskefiske i vinterhalvåret. Heime i våronn, torvonn, slåtte- og skurdonn. Sommarsildfiske eller sommarlinefiske mellom onnene i sommarhalvåret. Når det var onn eller utanom sesong i fisket låg dei fleste av fiskarbondebåtane fortøydde i hamnene. Kombinasjonsdrift med fiske og gardsdrift tok slutt på 1950-talet.

Maleremmen, som for lengst har gått ut av drift, består av våningshus, løe, stabbur og sauefjøs. Romsdalsmuseet kjøper no Maleremmen, for å gjere kystgarden til ei avdeling under Bud kystmuseum.

Kystgarden er kanskje ingen spektakulær attraksjon. Men bygningane på Maleremmen ligg no der som eit vakkert minne om fiskarbonden sin barske kamp for tilværet. Det kviler ein ro over tunet, der det er sett fram benkar for folk som vil ta ein pust i bakken og la tankane flyge.

Ein oversikt over kva som er verdt å sjå på den nasjonale turistvegen Atlanterhavsvegen finn du her.

(Klikk på bilda i bildeserien).