Juks og rasisme - fotballen har eit stort problem

13.07.2021

Fotball-EM er over. Spelarane har reist heim. Det har vore eit underhaldande meisterskap, men dessverre: Den moderne fotballen er så full av juks, at no går det på gleda laus for oss som ser på.

Mange andre idrettar har doping. Rett skal vere rett. Men når utøvarane stiller til start, ser vi i alle fall aldri langrennsløparar som tar snarvegar, skiskyttarar som fuskar med siktet på børsa eller spydkastarar som prøver seg med eit spyd som er for lett.

Fotballspelarar driv på slik heile tida. Det handlar om å stjele nokre meter på kvart innkast og frispark, drøye tida, slite og rive i trøya til motstandarane, kjefte på dommaren og andre ufine knep i utallige variantar. Kort oppsummert: Fotballbanen er i ferd med å bli ein arena for usportslege juksemakarar.

Og på toppen av alt dette: Filming, overspel og nær døden-scener. Når vaksne og veltrena menn ligg og vrir seg i tilsynelatande uuthaldeleg smerte etter ein liten dytt, er det nesten så ein ikkje trur det ein ser. Kan desse steinrike priomadonnaene, som altså likar å framstå som persilleblad med smerteterskelen til ein sommarfugl, verkeleg kallast idrettsmenn? Idiotiet er grenselaust, og ein hån mot både fotballen og idretten generelt.

Fotball er i utgangspunktet eit intelligent spel og ein vakker idrett. Derfor vil det vere synd om dei destruktive sidene ved sporten berre skal få fortsette å utvikle seg. Fotballen sjølv er nødt til å ta eit oppgjer med ukulturen, før det er for seint. Nye haldningar må på plass. Truleg er det også på tide at dommarane si verktøykasse blir meir innhaldsrik, slik at spekteret av straffereaksjonar kan bli vidare. Ikkje minst må dei bli strengare. Juks skal ikkje løne seg. Det gjer det som regel i dag.

Under EM-finalen vart det til at eg heia på England. Eller rettare sagt: Eg sympatiserte vel med trenaren Gareth Southgate, som eg tykte fortente ei oppreising etter den mykje omtala straffebommen i 1996. I ettertid, når eg ser kva for krefter som finaletapet har utløyst, er eg likevel glad for at England tapte. Eit land, der rasismen så tydeleg er i fri flyt og ute av kontroll, skal ikkje ha nokon EM-pokal.

Rasisme og framandfrykt var ei av drivkreftene som i 2016 sendte Storbritannia ut av EU og inn i Brexit-kaoset. Den britiske rasismeforskaren Paul Gilroy uttala i eit intervju for halvanna år sidan at frykten for innvandring og dei fiendtlege haldningane til innvandrarar i Storbritannia kan sporast minst eit halvt århundre tilbake i tid. I 1964 vann Det konservative partiet valet med slagordet «Hvis du vil ha ein neger som nabo, stem Arbeiderpartiet». Gilroy meiner at Brexit-kamanjen og tida etterpå har avdekt ein djuptliggande rasisme i Storbritannia.

- Ei av de store endringane vi såg i etterkant av Brexit-debatten var det utrulege oppsvinget av rasistisk motiverte angrep og valdsepisodar, retta mot folk ein såg på som utlendingar, seier Gilroy

Det er dokumentert at talet på tilfelle av rasisme i engelsk fotball auka kraftig etter Brexit. Den antirasistiske organisasjonen Kick It Out er heilt klar på at dette ikkje er tilfeldig.

Til slutt er det slik at alt heng saman med alt. Både fotballen og engelskmennene har mykje å rydde opp i.