Er bensinen eigentleg så dyr?

26.01.2022

Drivstoffprisane stig til himmels. Slik ser det i alle fall ut. Sanninga er likevel at bensin og diesel, sett i forhold til folk si inntekt, var mykje dyrare før i tida.

For ein del år sidan kom eg i prat med ein som hadde jobba ved verket på Sunndalsøra i mesteparten av yrkeslivet sitt. Han fortalde om ei timeløn på rundt fem kroner i 1960. Ein liter bensin kosta da ei krone. Altså fekk vanlege lønsmottakarar fem liter bensin for ei timeløn.

I dag er gjennomsnittleg timeløn for industriarbeidarar godt over 300 kroner. Det gir rundt 15 liter bensin for ein times arbeid - sjølv om literprisen no altså sprenger 20-kronersgrensa.

Folk sin økonomi avheng sjølvsagt av mykje meir enn drivstoffprisen. Men om ikkje anna; tala kan kanskje appellere til ein viss ettertanke?

Vi veit også at andre faste kostnadar for hushaldningane relativt sett har gått kraftig ned dei siste tiåra. I 1980 bruka folk 20 prosent av inntekta på mat og alkoholfrie drikkevarer. Tilsvarande tal for 2017 var 11 prosent. For 42 år sidan gjekk åtte prosent av løna med til klede og sko. Andelen i 2017 var fem prosent.

I Norge har vi vore gjennom ein lang periode med ekstremt låg rente. Ei samanlikning med tidlegare tider, viser desse tala for den nominelle utlånsrenta: 1960 4%, 1970 6,6%, 1980 12,4%, 1987 16,8%, 1990 14,2%, 2000 8,9% og 2010 4,6%.

Sidan 2016 har bustadlånrenta lege på i overkant av to prosent - ein periode også under 2-grensa.

Taleksempla i denne ytringa skal ikkje brukast verken til å moralisere eller til å bagatellisere årsakane til at mange nordmenn i vårt velfødde land slit med økonomien. Av ulike grunnar finst det grupper som lever på ein knivsegg økonomisk. Slik har det alltid vore. Når drivstoffprisen stig og strømrekninga doblar seg, hamnar mange i desse gruppene i ei økonomisk hengemyr, som dei ikkje kjem seg ut av på eiga hand. Det må vi ha respekt for. Sett bort frå alle dei fagre orda, er eg lite imponert over måten politikarane har handtert denne situasjonen på.

Så går det likevel an å spørje: Har høge lønningar, låge prisar og låg rente gjort «folk flest», med ein normal og ordna økonomi, litt bortskjemte? Er vi historielause, og for raske til å skrike opp om prisauke på både det eine og andre, i staden for å sjå på vårt eige forbruk? Treng vi verkeleg auka kjøpekraft kvart år?

Og kanskje det aller viktigaste: Er vi opptekne av eigen navle? Sør i Europa tener folk berre ein brøkdel av det vi gjer. Bensinen kostar i kroner og øre det same som hos oss, og er dermed mange gonger dyrare enn det vi betaler.

Berre for å ha nemnt det.

Ja, dette var nokre einfaldige spørsmål frå hornet på veggen her ute i Bud. I lite kjent stil, skal eg avstå frå å meine noko som helst.